Haustsesongen er i gang!

Etter ein fabelaktig sommer og festival, er vi nå klare for hausten. Festivalen Kalottspel vart proppfull av dans, spel og gode opplevingar. Mange små og store møtte opp frå fjern og nær, og vi er så stolte over alt det herlege som skjedde!

Heldigvis kan vi ta med oss dei gode opplevingane også ut i hausten og vinteren, og vi starter allereie 9. september med fabelaktige Erlend Viken Trio! Med fele, kontrabass og elgitar byr deg på heilt ny musikk og skikkeleg godstemning.

1. oktober får vi storbesøk av multiinstrumentalist Stian Carstensen og felevirtuos Ola Kvernberg. Dei kjem for å fortelle skrøner, historier og spele fletta av oss alle.

14. oktober kjem Vømmølbasen, Hans Rotmo, med trioen sin. Her får vi servert kjente hits frå Vømmøldalen, og kanhende nokre nye historier frå same dal.

5. november blir det bygdefest med sjølveste Ragnhild Furebotten Band i samspel med danserar frå Kartellet. Her slår dei eit slag for bygdefesten, og har lagd ei heilaftens forestilling med den gode. gamle bygdefeststemning i fokus.

Alle arrangementete foregår på Mellembygd Samfunnshus. For meir billettar og meir informasjon, trykk på knappen:


Nina Fjeldet