Tilbake til alle arrangementer

Folkemusikkyoga

Fredag 10. august kl. 16.00
Sted: Mellembygd Samfunnshus
Pris: 220,-
Varighet: 
ca. 1 time

IMG_5427.jpg

FOLKEMUSIKKYOGA Det blir ei helt ny oppleving når vi inviterer til yoga med levande folkemusikk på årets Kalottspel. Hege S. Gjerdum (yoga) og Mariann Torset (trøorgel) blir samspelspartnerar når publikum guides gjennom ei yogaaukt på i underkant av ein time. Det blir bøy og tøy, litt puls og avslapping i eit program som passer for alle kropper som liker å bevege seg, og det er ingen krav om å kunne yoga frå før. Er du dreven vil du få oppleve yoga med ein ny dimensjon; Det blir eit samspel der bevegelsene og musikken heile tida inspirerer kvarandre, og begge må gi og ta. En perfekt anledning for å senke skuldre og lade opp for ei heftig festivahelg!

Hege Soubeyrat Gjerdrum er yogainstruktør utdanna frå Nordiska Yogainstitutet i Stockholm 2014. Ho er utdanna sjukepleiar og akupunktør, og underviser i både Yin- og Viryayoga. Mariann Torset er både utøver og komponist på trøorgel, og sammen med trøorgelet Marja-Liisa reiser ho i år rundt i Norden med sin eigenkomponerte Marja-Liisa Orgelsuite for seks trøorgel, som hadde premiere på Kalottspel i 2018.

Vi anbefaler ledige, komfortable klær. Ha gjerne med eigen yogamatte dersom du har, viss ikkje har vi ein del matter til utlåns. Eit tynt pledd/handkle anbefales og å ha med. Etter timen vil det være tilgjengeleg garderobe på skuledelen av bygget for den som måtte ønske det.

Det er eit begrensa antall plasser, påmeldinga er open på kalottspel.no. Billetter kr. 220,-.

Senere arrangement: 9. august
Catriona McKay og Chris Stout