Stein Villa og Marit Villa

Ekteparet Marit Steinsrud og Stein Villa frå Gjøvik er begge av den typen som har musikken i fingerspissene. Forutan å være ein formidabel duo er dei begge formidlarar av fyrste klasse på sine instrument og tradisjonar. Til Kalottspel kjem dei med bilen full av instrument av alle slag. Dei skal gje dei yngste inspirasjon og folkemusikkglede som instruktørar for Kalottsprell, og for alle som er litt gamle for å være med på Kalottsprell, skal dei ha intimkonsert i Løvhaugfjøset fredagen.

Marit og Stein-2.jpg

Marit Steinsrud (f.1954) er frå Øystre Slidre i Valdres, men har budd på Gjøvik sidan 1985. Ho vaks opp i ein familie med sterk folkemusikktradisjon; foreldre som dansar og to langeleikspelande systre. Langeleiktradisjonen lærte ho i barneåra av Ingrid Skattebu, men har seinare fått inspirasjon av Olav Snortheim, Ragna Brenno Frydenberg og langeleikmiljøet i Gjøvik spelmannslag. Ho har vore spelemannsprisnominert med plata «Levande langeleik», og deltok på Valkyrien Allstars si kritikarroste debutplate frå 2007.

Stein Villa (f.1956) vaks opp i Oslo og flytta til Gjøvik i 1987. Han er ein allsidig musiker som spelar på mange strenger: fele, mandolin, gitar, lyre, langeleik og norsk harpe. Med harpa har han vunne Landskappleiken i klassa for eldre folkemusikkinstrument fleire gonger. Stein deltek i mange ulike samanhengar og spelar og på ulike fløyter og sekkepipe. Han er aktiv i Gjøvik spelmannslag, både i spelgrupper og instrumentbyggegruppa, og jobbar som formidlar ved Tradisjonsmusikkarkivet ved Mjøsmuseet. Stein har halde kurs og konsertar i store delar av Europa, og har delteke på mange plateinnspelingar.

Både Marit og Stein har fleire gonger halde kurs for barn og ungdom, og saman har dei holdt ei mengd barnekonsertar, blant anna gjennom Den kulturelle skolesekken. Stein har hatt formidling av folkemusikk og -instrumenter i skole og barnehage som ein stor del av jobben ved Mjøsmuseet i meir enn 20 år.

Saman ga dei ut plata «Kammersmusikk» i 2014 (Grappa).

 

Nina Fjeldet