Tilbake til alle arrangementer

Folkemølje

Fredag 8. august
Mellembygd Samfunnshus
Klokka 21:00

Billettar: kr. 150 /inkl. i festivalpass
Billett til De Salige gjeld òg på Folkemølje

Folkemølje er navnet på ein av dei hippaste klubbane i Tromsø for tida. Det meldes om fulle hus og stormande jubel når DJ og initiativtakar Dina Kondradsen speler opp sine «folk-beats»; spelelister basert på hardcore tradisjonell folkemusikk frå Nordnorge og omegn.

DJ Dina konradsen

Konseptet er like enkelt som det er genialt: kvelden starter med eit kort kurs i folkedans, så er det dansekonsert med kveldens artist, før Dina speler og synger nye og gamle låter, reinlender, vals, halling og pols satt saman til eit DJ-sett lagd for sugne danseføtter. Det heile er inspirert av konsept som «Tuvas Blodklubb» i Oslo, som har fått nasjonal merksemd for å bringe folkedansen og folkemusikken ut til eit nytt, og gjerne ungt, publikum.  

Fredagskvelden på Kalottspel har dei siste åra vore dedikert til dansen, og vi har utfordra formatet dansefest. I år er det Dina og Folkemølje som fyller kvelden med velkjente rytmer og gode vibber!   

Klokka 21:00 startar kvelden med eit høgst uformelt kræsjkurs på samfunnshuset; Dette er eit dansekurs for dei som har dansa litt, noko, masse eller ingenting.
Her leggast det opp til å kome seg ut på golvet på dansefest, og få fart i dansefoten.
Kurset fungerar som eit vorspiel til mølja, og vi nyttar dansane som man garantert kan nytte seg av på kveldens Folkemølje med Ole og Thomas Nilssen, DJ Dina Konradsen m.fl. 

Kveldens hovedartistar

Ole og Thomas nilssen

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter

Onkel og nevø, trekkspelarane Thomas og Ole Nilssen  frå Løten har båe to djup kjærleik til dansen, og til dansespelet. Dei har båe to vore dansespelemenn i ei årrekkje, både som solistar og i ulike ensemble. I 2018 laga dei plata «Løten 2018» i lag, der dei spelar runddansmusikk etter trekkspelarar frå Løten. På Kalottspel dekkar dei opp med vals, masurka, polka og pols, og ser fram til ein sein kveld med kokande dansegolv!  

I tillegg vil det nok dukke opp ei overraskelse eller to. Ei Folkemølje er aldri lik, men folkemusikken og folkedansen er alltid det hippaste! Folk On!  

Tidligere arrangement: 8. august
Susanne Lundeng – De salige
Senere arrangement: 9. august
Kalottspel UNG