Mellembygd Samfunnshus
Laurdag 8. august
Klokka 18:00
Vaksne: 300,- / inkl. i festivalpass
Ungar under 16 år: Gratis såframt det er plass
Billetten gjeld òg for Kalottspelfesten 2026
Kalottspelkonserten er som vanleg todelt, og i første halvdel får vi eit gjensyn med nokre artistar som har delteke på Kalottspeluka, og vi får kanskje nokre overraskinger. Det vert òg utdeling av Kalottspelkrypet!
Hovudartisten på Kalottspelkonserten er i år Mia Marine.
Mia Marine er godt kjend som ein livleg og sprudlande musikar frå Värmland i Sverige. Ho har gjennom mange år som frilansar medverka i ulike grupper og konstellasjonar med fele og song. Musikken hennar har djupna, tonespråket og svingen frå den tradisjonelle musikken, men er ofte påverka av kammermusikk, samtidsmusikk eller improvisasjonsmusikk.
Repertoaret hennar inneheld både tradisjonell musikk, tidleg musikk og samtidige verk, med hovudvekt på den värmlandske tradisjonen, men òg slåttar frå ulike delar av Noreg, Gästrikland og Uppland.
I tillegg til å vere ein særs dugande utøvar, er ho òg kjend som ein inspirerande lærar. Mia Marine turnerer over heile verda. Ho er òg ein mykje nytta studiomusikar, og har spelt inn mange album.
Musikken hennar ligg ofte i grenselandet mellom tradisjonell folkemusikk, moderne akustisk musikk og kammermusikk.
På Kalottspel får vi oppleve henne i soloformat, i ein musikalsk vev av gamalt og nyskrive materiale, innramma av forteljingar og kåseri.