Spelkurs og songkurs for vaksne

Jo einar Jansen lærer bort slåtter. Foto: Knut Utler

Jo einar Jansen lærer bort slåtter. Foto: Knut Utler

Vi tilbyd kurs for vaksne fredag og laurdag under Kalottspel.

FREDAG 9. AUGUST kl. 14.00 - 16.00 er det tre ulike kurstilbud på Kalottspel. Alle tre foregår på Mellembygd Kultur- og oppvekstsenter.

Alle kursa koster kr 250, og billetter kan kjøpes på førehand.

  • Songkurs med Camilla Granlien: "kjærlighetsviser, skjemteballader, stev og småstubber"
    Songar Camilla Granlien lærer bort vokal musikk som er perfekt å ha med seg inn i festivalhelga. Camilla er allsidig musikar frå Hamar, busett på Lillehammer. Hovedrepertoaret er frå Gudbrandsdalen. Ho er ein allsidig musikar med mange jern i ilden. Forutom fleire eigne prosjekt og ein kongepokal i vokal folkemusikk, er ho ein mykje brukt pedagog og medmusikant. Camilla sin sang er stødig, vakker og utan jåleri. Akkurat slik vi vil ha det på Kalottspel!

  • Spelkurs med Chris Stout:
    Chris Stout er felespeler frå Shetland, busett i Glasgow. Han er kjent frå blandt andre Fiddlers Bid og ikkje minst duoen med Catriona McKay, som gjester Kalottspel i år. Ein formidabel felespeler, som lærer bort godbiter frå repertoaret.

  • Harpekurs med Catriona McKay:
    Skotske Catriona McKay gjester Kalottspel med duopartner Chris Stout. Ho er ein framifrå utøvar på den skotske harpa, komponist, og har dessuten vore med å produsere ein eigen harpemodell (the Starfish McKay Harp). Dette kurset er ein moglegheit for alle harpespelarar til å dykke inn i harpefaget for inspirasjon og nye input.

LAURDAG 10. AUGUST kl. 10.30 - 12.30 er det to kurstilbud på Kalottspel. Begge foregår på Mellembygd Kultur- og oppvekstsenter.

  • Songkurs med Camilla Granlien: barnesanger.
    Songar Camilla Granlien lærer bort vokal musikk som er fin å synge for og med born. Camilla er allsidig musikar frå Hamar, busett på Lillehammer. Hovedrepertoaret er frå Gudbrandsdalen. Ho er ein allsidig musikar med mange jern i ilden. Forutom fleire eigne prosjekt og ein kongepokal i vokal folkemusikk, er ho ein mykje brukt pedagog og medmusikant. Camilla sin sang er stødig, vakker og utan jåleri. Akkurat slik vi vil ha det på Kalottspel!

  • Spelkurs med Jo Einar Jansen:
    Jo Einar Jansen frå Frosta i Trøndelag er ein felespelar etter vårt hjerte. Gode slåttar, instrumental dyktigheit, og lidenskapeleg formidling. Han har levd saman med folkemusikken heile livet, og er no busett i Målselv saman med sambuar og duettpartner Johanna-Adele Jüssi. Her lærer han bort godbitar frå repertoaret.

Camilla Granlien lærer bort songer for både festlege lag og songer som passer til barna. Foto: BeckBack

Camilla Granlien lærer bort songer for både festlege lag og songer som passer til barna. Foto: BeckBack

Nina Fjeldet