Tilbake til alle arrangementer

Kurs for vaksne - fredag

Velkommen til kurs! Alle vaksenkursa fredag startar 13:00 (unntatt kræsjkurs) og varar i to timar.

Toradar!  

Toradar er eit instrument som passer bemerkelseverdig godt inn i dei aller fleste situasjonar. Finns det ein toradar i nærleiken er det stor sjanse for god stemning! Vi byr på to timar med toradar som fokus når Thomas Nilssen tek med seg gromlåter frå Hedmarken. Han kan dei fleste triksa i boka, så her er det mogleg å få med seg både nye melodiar og nye knep for å få toradarspelet til å svinge! 

Kurset passer for dei som er høveleg øvde, og foregår på AD- spel.  

Felekurs! 

Riksspelmann Ellika Frisell lærer bort nokre av sine favorittpolskar på denne kursaukta. Ellika har lært spel etter blandt andre Pekkos Gustaf frå Bingsjö, og har eit nærmast utømmeleg repertoar av polskaer frå området. Eit leikent og rytmisk spel som rommer både nyanser og variasjonar. Ellika har lang erfaring som pedagog, og deler her av skattekista si. Kurset foregår på fele, men det er og mogleg å delta med andre instrument dersom ein ønsker melodiane. Kurset avsluttast med ei lita fellesaukt med perkusjonskurset.  

Folkemusikkperkusjon! 

Rafael Sida er trommis og perfeksjonist med bakgrunn frå den mexikanske rock- og fusionscena. Han tok steget ut i verdsmusikken, og er nå busett i Sverige og formidlar av svensk folkemusikk. På dette kurset deler han leikent av sine tips, triks og erfaringer. Deltakarane får ei spennande innføring i ei verd full av moglegheiter! Det er mogleg å ta med eigne instrument, og vi stiller med eit utvalg for bruk. Kursaukta avsluttast med ei lita fellesaukt med felekurset.  

Dans!

Dansekunstner og koreograf Sigurd Johan Heide er bosatt og har sitt virke i Tromsø. Heide er utdannet koreograf med mastergrad fra Kunsthøgskolen i Oslo, og har studert, undervist og arbeida ved Rff-sentret og NTNU Dansevitskap i Trondheim. På dette kurset tar han med seg en polsvariant fra Stangnes på Senja, ein finurlig og artig perle av ein dans.

Bonus: Kræsjkurs Folkemølje!

Dette er eit dansekurs for dei som har dansa litt, noko, masse eller ingenting.
Her leggast det opp til å kome seg ut på golvet på dansefest, og få fart i dansefoten.
Kurset fungerar som eit vorspiel til mølja, og vi nyttar dansane som man garantert kan nytte seg av på kveldens Folkemølje med Ole og Thomas Nilssen, DJ Dina Konradsen m.fl. 

Kurset startar 21:00, og er i aller høyeste grad eit uformelt dansekurs, og krev ikkje påmelding, kom som du er! 

Tidligere arrangement: 7. august
Kalottspel for Ungar
Senere arrangement: 9. august
Kurs for vaksne - laurdag