Innspelsmøte 19. mai

Vi inviterer til innspelsmøte på Mellembygd Samfunnshus 19. august kl. 18.00 - 20.00.

Sidan fyrste festivalen i 1970 har mange fått eit nært forhold til Kalottspel, og vi opplever at mange har gode innspel på både innhold og form. Kalottspel er ein festival som betyr mykje for mange, og vi er heilt avhengige av engasjement frå publikum og deltakarar. Vi inviterer derfor til eit innspelsmøte, der vi myldrer om kva Kalottspel er, og korleis vi ønsker at vegen vidare skal gå. Vi ønsker alle velkommen til ein god prat der vi saman jobber for å få Kalottspel til å være ein viktig og god møteplass og konsert- og forestillingsarena også i framtida.

Det er ingen påmelding eller billett. Enkel servering.

Vel møtt!

Tilbakeblikk til Kalottspel 2016

Nina Fjeldet