Velkommen på festival!

Det nærmer seg festival!

Vi er stolte over å dele årets program med dere! I år kan vi by på både spell, dans og kurs 4 dagar til endes.

Vi starter festivalen med eit brak torsdag. Da får gjengen frå Ethno Arctic opne ballet, før det svenske folkrockbandet Hoven Droven drar i gang. Torsdagskvelden avsluttes med folkemusikkpub og elvesafari.

Fredag inviterer vi ungene med på KulTur for Unger, ein natursti med spell og dans på vegen. Den svenske duoen Carr & Roswall speller lunsjkonsert, endelig er dei klare for Kalottspel! Det blir “Grenseland”- konsert i Løvhaugfjøset, med Mariann Torset (trøorgel), Aslat Simma (joik), Lars Erik Løvhaug, Sigrunn Haugli og Terje Foshaug. Her hyller vi Dividalen og det gode samarbeidet mellom reinsdriftsutøvarane og bøndene her. Den relativt ferske gruppe Trone Ros byr på musikk frå Tornedalen med kvensk innsmett. Kvelden vies dansekompaniet Kartellet som fyller 10 år, dei inviterer alle til dansefest!

Laurdag starter friskt med “Musikk og morgenbad” for dei som ønsker det. Familiedagen foregår frå 13.00 - 16.00. Den starter med liveinnspelling av folkemusikkpodden på utescena, før vi får møte dei yngste kursdeltakarane i konserten “Kalottspel UNG”. Kartellet sørger for leik og morro ute, og det er salg av mat. Kalottspelkonserten byr i år, som alltid, på eit variert innehald der sjølve Kalottspelsjela kjem fram. Finske Viiiskauttaviis (5/5) avslutter konserten med ein konsert vi har venta på i tre år. Vi avslutter kvelden med ein dugeleg dansefest!

Syndagen får vi eit gjestespel frå Norrbotten. Koret “Music Teachers Choir” byr på eit variert repertoar med både joik og folketoner.

I tillegg til alt dette blir det kurs av mange slag. Vi starter allereie onsdagen med FolkBand og det splitter nye kurstilbudet FolkDans. Torsdag starter Kalottspel for Unger. Fredag og laurdag blir det kurs for vaksne, både låtkurs, fele- og fløytespell, griseviser og eit etterspurt kræsjkurs i folkedans. For meir info om kursa, sjekk her: https://www.kalottspel.no/kurs

Det vil også bli eit seminar på torsdagen i samarbeid med bygdebokkomitéen i Målselv. Tema vil dreie seg rundt “Hvordan bruke historien til å skape verdier”. Det blir også kunstutstilling i kaféen med bilder av Bente Nordhagen, som søker etter sin kvenske identitet. Mer informasjon om dette kommer!

For nokon av dei som kanskje ikkje kjem seg til Kalottspel, blir det konsertar på bygdas to sjukeheimar. Dette foregår på fredagen.

For deg som vil komme enda tettare på Kalottspel og at som skjer, er det nå mogleg å melde seg som frivillig. Som frivillig er du med på å skape denne møteplassen for små og store her på nordkalotten. Det trengs både kakebakarar, roarar, sjauarar, sjåfører og billettselgarar denne veka. For meir info og påmeldingsskjema, sjekk her: https://www.kalottspel.no/frivillig

Informasjon om overnatting og andre praktiske saker finn du inne på sida her. Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss! Du finn og på facebook, instagram. Eller ta kontakt direkte med dagleg leiar Nina på telefon +47 48287232 eller epost nina@kalottspel.no.

Vi gler oss til veke 32, velkommen til Kalottspel!

Nina Fjeldet