Kurs på Kalottspel!

Vi har, som alltid, kurstilbud for både store og små under Kalottspel! I år slår vi til med kjente kurstilbud, eit etterspurt kræsjkurs og eit splitternytt dansetilbud for ungdom!

FolkBand er eit samspelskurs for ungdom 12 - 18 år. Her er det å spele saman i hovedfokuset. I år er det ingen ringere enn Niklas Roswall og Ian Carr som er instruktører. FolkDans er eit splitter nytt kurs, inspirert av FolkBand, men med dans som tema. Her er det plass for både røynde danserar, også for dei som ikkje har danse mykje frå før. Kalottspel for Unger går torsdag til laurdag, her får deltakarane møte folkemusikken og folkedansen gjennom leik og morro. Alle kursdeltakarane blir å sjå på konserten “Kalottspel UNG”, laurdag 13. august kl. 14.00.

For dei vaksne er det kurs både fredag og laurdag. Det blir felekurs med Sandra Berggren som speler slåtter frå Nord- Sverige. Nina Grigorjeva har fløytekurs, og det blir kurs i fulvisor med Våtmark. Finske Viiskuattaviis har låtkurs, og det blir kræsjkurs i folkedans! Dette er kurset for alle som trenger et lite, vennlig dytt ut på dansegulvet.

Nina Fjeldet