Året 2025

Kalottspel

2025

For eit år vi hadde i 2025!
(Fleire bilete nederst i saka)

Året 2025 bød på mange tradisjonelle arrangement, nyskapningar, kurs, spel og dans. I tillegg til konsertserien Kalottspelscena og sjølve festivalen har vi arrangert barnehageworkshops, søndagsdans for barn og vaksne, vore støttespelar på lokale arrangement som Filmcamps 20 års-jubileum, Arctic Race of Norway, Bygdefest på Moen kulturlåve, Arrangørsamling med Musikkontoret Nord, Rundhaugmartnan og Midnattskonserten. Vi er utroleg glade for å ha eit så fint og aktivt lokalmiljø og at det skjer mykje på kulturfronten i Målselv, både gjennom oss, og andre aktørar. Vi gler oss til meir kultur i 2026!

Dette var Kalottspelåret 2025:

Kalottspelscena hadde 8 arrangement, vi har jobba for at det skal vere litt for alle — både store og små:

  • Tonje Unstad og Jens Fossum gjør Cornelis Vreeswijks

  • Bassfela med Ragnhild Furebotten, Knut Erik Sundquist og Terje Nohr

  • Henderson, Fliflet og Burgess

  • Mikkel Rev, ungdomskonsert på CUE Bardufoss

  • Klangbein, barneforestilling med Ole Jørn Myklebust og Morten Barrikmo

  • Ômvesla med Nina Fjeldet

  • Festaften med Nattmål-koret, Nordfolk og Målselv spelmannslag

  • Irsk aften med Michael McGoldrick og Tim Edey

  • Vinterkalottspeliade og konsert Lena Jinnergren med venner på Rundhaugmartnan 2025

Så var det jo sjølvsagt sjølvaste festivalen i veke 32! Her hadde vi eit godt program, og masse fine gjestar, kursdeltakarar og artistar. På barne- og ungdomskursa var det heile 68 deltakarar fordelt på fire kurs. I tillegg var det både spel- og dansekurs for vaksne. Det var 17 arrangement i tillegg til kursaktiviteten, buskspel og songstundar.

Festivalen hadde ei god bredde, og det gleda oss å sjå at både musikken og dansen omtrent vara døgnet rundt. Det er det folka som står for. Enten ein er på ein konsert, eller om man tar av danseskoa kun for å sove, så bidreg dykk alle til å gjere Kalottspel til den festivalen det er.

Dei frivillige som står på for at alle skal få seg mat, som rydder, rigger og serverer, er hjertet til festivalen. Arbeidsgruppa som forbereder, legger til rette og held orden under festival er hjernen. Og alle som kjem, artist, kursdeltakar eller publikum, er sjølve kroppen vår. Saman er vi Kalottspel.

  • Seminaret “Frå nord til ei ny verd, historia om utvandringa som startet for 200 år siden” i samarbeid med Bygdebokkomiteen i Målselv

  • Felemakar Leif Kronqvist

  • Opningskonserten “Kalottspel bjudar på”

  • Emil Karlsen

  • Mäsä Duo

  • Folkemusikkpub

  • Musikk og morgendukkert

  • Lunsjkonsert med Ellika Frisell og Rafael Sida

  • Aaret Duo i Løvhaugfjøset

  • Susanne Lundeng - De Salige

  • Folkemølje med Ole og Thomas Nilsen og DJ Dina Konradsen med venner

  • Kalottspel UNG

  • Familiedag med urpremieren Kalottspeliaden

  • Kaipu

  • Folkfest - Arctic Race of Norway

  • Kalottspelkonserten med Hekate og ein rekke andre artistar

  • Kalottspelfesten 2025

Tusen takk til alle samarbeidspartnerar, støttespelarar og kollegaer.

Dette har vore eit knallår, og som dei seier: Eit bilde seier mer enn tusen ord, så her har vi samla nokre blinkskudd frå året som er gått:
Foto: Odd-Inge Larsen


Nina Fjeldet