Nå kan du melde deg som frivillig på årets festival!

Nedtellinga til festival er nå for alvor i gang! Det skal spelles og danses, kurses og leikes, spises og drekkes. Det skal rigges, selges billetter, kokes, kjøres, roes, skrelles poteter og kanskje må det rykkes ut med eit plaster og litt ekstra omsorg til ein ung kursdeltakar eller ein sliten musikant?

For å skape den gode Kalottspelstemninga, så er vi heilt avhengige av gode hjelparar. Kalottspel er så heldige at vi har mange utrule dyktige og gode frivilligkrefter i vennegjengen. Kvart år kan artister og publikum bekrefte at vi har verdas beste frivillige!! Vi håper både gamle og nye vil melde seg til tjeneste i år, og vi setter stor pris på kvar og ein! Det er ei flott oppleving å kunne være med i ein slik felles dugnad, og sjølvsagt drypper det gode på ein frivillig; i form av gode opplevingar og sosiale treff, klær utav årets mote, god mat og ikkje minst kulturell input av beste sort.

Vil du være med på moroa? Send oss ei melding, eller kontakt vår frivilligkoordinator Sigrunn Haugli på epost frivilligkalottspel@gmail.com

OIL-IMG-1449.jpg
Nina Fjeldet