Spel- og dansehelg 22. - 23. februar. Kurs for både store og små!

Velkommen til Spel- og dansehelg i Målselv, 22. – 23. februar 2020!

Kalottspel og Folkemusikk Nord inviterer til Spelhelg 22. – 23. februar. Der blir kurs for heile familien, konsert og sosialt samvær. Alt foregår på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter (mellombygdveien 1842, 9336 Rundhaug).

Spelkurs med Mikal Lundemo – lørdag kl. 12.00 til søndag kl. 13.00
Felefantomet frå Oppdal som har vorte nordlending, og kjem frå Grytøya for å lære ut gode låter, primært for felespellarar som er sjølvgåande på instrumentet sitt.  

 Trekkspel med Thor Hauknes – lørdag kl. 12.00 til søndag kl. 13.00
Thor er ein røver på mange ting. Denne gongen tek han med seg trekkspelet og lærer bort gode låter. Det er og moglegheit for den som speler torader å melde seg på!

FolkBand (11-18 år) – lørdag kl. 12.00 – 18.00
Spelkurs for ungdom med fokus på samspel. Her er alle instrument og stemmer velkomne, men ein må være noko øvd på sitt instrument. Her er det moglegheit for å lære seg ei ny låt, og kanskje nokre gode triks. Også er det så morro å spele ilag!
Instruktørar: Johanna-Adele Jüssi og Mariann Torset 

Danseverkstad MINI (0-5 år) – lørdag kl. 13.00 – 13.30
Dans og leik med dei aller minste, 0-5 år (30 min inkl. frukt). Bevegelse og morro for dei aller minsta barna. Alle deltakarane må ha med seg ein vaksen. Instruktør er Sigurd Heide.
Her er det ingen påmelding, og kurset er gratis!

Danseverkstad for Unger (6-10 år – lørdag kl. 13.30 – 15.00
Bevegelse og morro for ungene som får smake på folkemusikken og folkedansen frå nord.
Instruktør er Sigurd Heide, og han har sjølvsagt med seg levande musikk! Vi serverer frukt og drikke. Her er det ingen påmelding, og kurset er gratis!

  

Spelkurs koster kr. 800,- for vaksen, kr. 400,- for ungdom. FolkBand koster kr. 200,-, og kursa for born er gratis.

For dei som ynskjer er det moglegheit for å tinge overnatting på skulen. Ta kontakt med Nina eller Terje, så ordner vi det.

Meld deg på via vårt billettsalg ved å trykke her

For meir info eller spørsmål, ta kontakt med

Nina Fjeldet: nina@kalottspel.no / 48287232.

Terje Foshaug: terje.foshaug@tromsfylke.no / 952 79 945

 

 

Velkommen til Spel, dans og trivsel!

TIMEPLAN

LAURDAG

12.00                          Oppmøte og kaffe m/ biteti for Spelkurs for vaksne og FolkBand.

12.30                          Oppstart Spelkurs og FolkBand.

13.00 – 13.30             Danseverkstad MINI

13.30 – 15.00             Danseverkstad for Unger

15.00                          Felles måltid

17.30                          Fellessamling, og avslutning for FolkBand.

18.00                          Middag for dei som er med på Spelkurs.

20.00                          Konsert med Susanne Lundeng Trio: «Hold dæ på vingan».

Etter konserten          Dugnadsspel, dans og sosialt.

 

SYNDAG

09.00                          Frokost

10.00                          Kurs

12.00                          Felles avslutning og lunsj

13.00                           Vel heim!  

Nina Fjeldet