Tilbake til alle arrangementer

KulTur på Målselva - utseld


KULTUR PÅ MÅLSELVA
Torsdag 12. august kl. 23.00

Sommarens mest spektakulære kulturoppleving! Tenk deg å flyte med straumen på elva i midnattskumringa. Stemninga er stille og magisk, berre avbrote av kulturelle og estetiske innslag. Som vanleg er innslaga ei overrasking for publikum. Dette er ei oppleving for livet!

Publikum møter opp på Mellembygd Samfunnshus, og blir frakta i buss nedover til Rundhaugøra. Der får alle utdelt flytevester og blir plassert i flåter. Turen avsluttes med musikk og forfriskningar på øra nedanfor skulen. Her er det gåavstand til Mellembygd Samfunnshus. Vi oppmodar publikum om å kle seg godt, det kan bli både kjølig og vått.

Unger kan være med sammen med vaksne, men må ha eigen billett.

NB: avgang frå Mellembygd Samfunnshus med buss kl. 23.
På grunn av smitteverntiltak blir det dessverre ikkje mogleg å slenge innom for å handle i vår kafé før avgang. Vi ber deltakarane møte opp kort tid før avgang. Det vil bli mogleg å bruke toalett på skuledelen av bygget.

Frå KulTur på Målselva 2019; “Arktisk Takt” danser i elvekanten.

Frå KulTur på Målselva 2019; “Arktisk Takt” danser i elvekanten.

Tidligere arrangement: 12. august
Makalaus + Kalottspelpub!
Senere arrangement: 13. august
TurboKULtur