Tilbake til alle arrangementer

Kalottspelkonsert UNG: ETHNO + Kfu og FolkBand

Velkommen til ein trivelig laurdag med fleire gode kulturopplevingar!
Plan for dagen:
12.00 Vi opner porten!
13.00 Kalottspelkonsert UNG: Kalottspel for Unger / FolkBAND og ETHNO Arctic
15.00 Kartellet: “An Dran Drin Drekt”
16.00 Vi stenger porten

Kjøkkenet byr på grilla av kje og annet nydelig grillmat fra Nortura på Andslimoen, i tillegg til kafémat.
Det blir levande musikk utover dagen, og god Kalottspelstemning!

Kalottspelkonsert UNG er konserten der dei unge får skinne på scena! Her får vi møte deltakarane frå kursa som foregår under Kalottspel.

Kalottspel for Unger er eit kurs for barn 6-11 år. Saman med instruktørar Siri Strige, Anette Figenschou og Leif Egil Barth har dei lekt, lært, spelt og danse sidan torsdagen. Her får vi eit lite innblikk i det dei har jobba med!
FolkBand er eit kurs for ungdom 12-18 år. Dei har sidan onsdagen spelt saman og lært nye låter og nye triks for å kunne spele i lag! Her får vi eit glimt av alt dei har jobba med desse dagane!

ETHNO ARCTIC er ein eigen folkemusikkcamp som for fyrste gong avvikles i Målselv! ETHNO er eit verdsomspennande fenomen med over 30 års fartstid, der unge møtes for å utveksle sine låter og tradisjoner. Kalottspel og Folkemusikk Nord er lokale samarbeidspartnerar med ETHNO ARCTIC, som foregår på FilmCamp heile veke 32, med omlag 30 deltakarar.

ETHNO er tufta på deling, og ved hjelp av kunstneriske leiarar lærer alle deltakarane av kvarandre, og speler med kvarandre. Til Kalottspelkonsert UNG kjem Ethno for å dele med oss det dei har jobba med heile veka. Slåtter frå Nordnorge er blandt ingrediensane i den musikalske kompotten som serveres. Dette blir garantert verdt å få med seg, attpåtil er det ei solid verspremiere på ein splitter ny camp vi håper blir ein tradisjon!

Foto: Kartellet / Thor Brødreskift (Festspillene i Bergen)

Denne dagen er gratis for alle besøkande! På grunn av smittevern må vi registrere alle våre besøkande, og vi ber alle om å tinge seg ein gratisbillett via vårt billettsystem Hoopla. Med billetten har du tilgang til alle arrangementene denne dagen!

Tidligere arrangement: 14. august
Musikk og morgendukkert