Tilbake til alle arrangementer

Kalottspelkonserten 2022 + Viiskauttaviis (5/5)

Årets festkonsert byr på ulike høgdepunkt frå festivalprogrammet, og på finsk festmusikk!

I første halvdel av konserten får vi møte ulike artistar som har deltatt på Kalottspel gjennom veka. Vi skal dele ut det tradisjonelle “Kalottspelkrypet”, og gjere stas på oss sjølve og publikum.

Hovedartisten på årets Kalottspelkonsert er finske Viiskauttaviis (5/5).
Pandemien har gjort det vrient for å få dei hit, men alle gode ting er tre! Viiskauttaviis, som rett og slett betyr 5/5, er ein fest av eit band! Kalottspel hadde i 2017 besøk av finske Mäsä Duo og i 2019 var girlpowerbandet ENKEL her. I VIISKAUTTAVIIS finner vi Lauri Kotamäki (treradar) fra Mäsä Duo og Miia Palomäki (fele) frå Enkel, som har fått med seg Arrtu Mäkelä (gitar), Joonas Ojajärvi (mandolin) og Sampsa Kujala (kontrabass).

For å beskrive musikken til Viiskauttaviis kan du sjå til den heftige rytmikken frå den finske folkemusikken, kobla saman med fengande riff og arrangement. Dette kan utløyse ei eksplosiv feststemning, som passer like godt til eftaskaffen som på etterfesten. På den andre sida kan dei vise si meir sensitive side der tonane frå fela snirkler seg inn i ørene til tilhøyrarane. Uansett har gjerne publikum bedt om meir!

Vi gler oss til å få besøk av 5/5 på Kalottspelscena, og gler oss til ein herleg Kalottspellaurdag!

Lørdag 13. august kl. 18.00 på Mellembygd Samfunnshus. Konserten vil vare i omlag 2 timar med ei kort pause.
Konserten inngår i festivalpasset. Konserten er gratis for born under 16 år, så lenge det er ledig plass.


Tidligere arrangement: 13. august
Våtmark og Senjaøl
Senere arrangement: 13. august
Kalottspelfesten 2022!