Tilbake til alle arrangementer

Kartellet 10 år - dansefest!


Fredagskvelden vier vi til dansen og til å feire jubileum!

Dansekompaniet Kartellet såg dagens lys under Kalottspel 2012. Eller, rettere sagt, forestillinga “Kartellet” haddde premiere på Kalottspel 2012. Den vart så vellykka at den levde sitt liv lenge etter festivalen. Det vart etter kvart fleire forestillingar basert på same konsept, og dansekompaniet Kartellet var eit faktum. Kartellet har sidan vore å sjå på fleire scener og lerret i skandinavia og utover, med svarte dressar, tennisballar, hoppetau, elektronikahaling, trøorgel og 80 talls- synth.

Kalottspel er til for spelet og dansen og samværet i det. Denne kvelden gjer vi litt ekstra stas på dansefesten. Dansespelet vil være prega av slåtter knytta opp mot Kartellet, og kompaniet sjølve vil by på ulike sprell og krumspring utover kvelden.

Velkommen til ein leiken kveld i dansens teikn!

Fredag 12. august kl. 21.00 på Mellembygd Samfunnshus.
Kvelden inngår i festivalpasset, eller i billetten til Torne Ros før på kvelden, om du har vore på den. Ungar under 16 år kjem gratis inn (i følge med ansvarleg vaksen), dersom det er ledig plass.


Tidligere arrangement: 12. august
Torne Ros
Senere arrangement: 13. august
Musikk og morgendukkert