Tilbake til alle arrangementer

Søndagskonsert: Music Teachers Choir

Music Teachers Choir. Foto: Maria Fäldt

Come in and stay a while  - Korkonsert med Music Teachers Choir frå Norrbotten, Sverige.

Music Teachers Choir et eit blanda kor beståande av 22 songarar som alle til kvardags arbeider som dirigentar, musikklærarar eller kyrkjemusikarar. No skal dei for fyrste gong på turné, under leiing av initiativtakar og dirigant Susanna Lindmark.

Til Kalottspel kjem dei som eit gjestespel, eit besøk frå gode vener i aust og prosjektet “Arctic Pulse”. Det har opp gjennom åra vore mykje godt samarbeid aust-vest her i nord, og vi er veldig glade for at vi kan avslutte Kalottspel med denne konserten!

Temaet for konsert er Come and stay a while, og på repertoaret er musik av blandt andre Ale MöllerHillevi DahlRhonda Polay, Svante HenrysonTove Karoline KnutsenJ S Bach, og av dirigenten sjølv, Susanna Lindmark. Vi får og høyre eit heilt nyskrevet korverk av Jan Sandström –  bestilt av Körcentrum NORD, der Music Teachers Choir ingnår som eit av fleire utviklingsprosjekt.

Igjen har komponisten og musikkprofessor Jan Sandström tatt utgangspunkt i ein jojk av Johan Märak. Jojken handlar om Hearggih, Härken, og korleis “härkarna” traver i veg med “klingande skällor”. Med dette som utgangspunkt har Jan Sandström skapt rytmisk musikk som blant annet akkompagneres av reinsdyrskaller.

Turnéen med Music Teachers Choir skjer i samarbeid med Arctic Pulse – eit nytt varemerke for kultur produsert på Nordkalotten. Satsinga inngår i eit EU-prosjekt som delfinansieres av NorrbottensmusikenLuleå kommun og Region Norrbotten. Les mer om prosjektet på www.arcticpulse.eu.

Søndag 14. august kl. 13.00.
Konserten inngår i festivalprogrammet, og er gratis for barn under 16 år (så lenge det er ledig plass). Billett. kr. 150,- (+ bill.avgift)

Dirigent Susanna Lindmark Foto: Maria Fäldt

Tidligere arrangement: 13. august
Kalottspelfesten 2022!