Tilbake til alle arrangementer

Emilia Lajunen og Anne-Mari Kivimäki

Frå Finland får vi besøk av to fantastiske musikarar som slår seg saman til ein duo for anledningen!

Emilia Lajunen: 5 strengs- fele og nøkkelharpe
Emilia er ein velkjent finsk folkemusikar kjent for sitt personlege, sterke og moderne felespel. Spelestilen hennar hevder sin opprinnelse i arkaisk arv og spelemannsmusikk.

I 2012 ga ho ut soloalbumet “Tuurkoosi Polkupyörä. Ho har vunne mange priser som solist, m.a vart ho “Nordisk mester” under nordisk kappleik i Sälen 2008. Ho speler i grupper som Juuri & Juuri, Suo, Spontaani Vire, Ritva Vero og i duo med Suvi Oskala.

Anne-Mari Kivimäki: akkordeon
Anne- Mari er ein av dei mest spennande artistane i Finland, ho fører gjerne publikum inn i akkordeon- transe! Ho er ein prisbelønt og distinktiv musikar og komponist. Musikken hennar kombinerer den hypnotiske pulsen, raspete arkivopptak og lyden av eit vemodig sovjet-bygd Notka trekkspel.

I tillegg til soloprosjekt har spelar ho og i det eksperimentelle “etno-tekno” bandet “Suistamon Sähkö”, undergrundsbandet “Anne-Mari Kivimäki & Palomylly feat. Timo Saari”. Ho er og orkesterleiar, og forskande musikar i landskapet mellom kunst, vitenskap, dans, teater og musikk.

Det serveres lunsj på kjøkkenet frå kl. 12.00. Det er mogleg å kjøpe seg lunsj og ete under konserten.

Fredag 11. august
Kl. 12.00
Mellembygd Samfunnshus

Billett kr. 250 (+ bill.avgift) / inkludert i festivalpass / gratis under 16 år hvis ledig plass

Anne-Mari Kivimäki: KAIVOS

Emilia Lajunen: Bike tour 2015

Tidligere arrangement: 11. august
Musikk og morgendukkert
Senere arrangement: 11. august
KulTur for unger!