Torsdag 8. august
Mellembygd Samfunnshus
Kl. 13.00
"VEVING AV KULTURAR - MED VIDSYN FRÅ FORTIDA PÅ VEG INN I FRAMTIDA"
Sed og skikk, praktisk påverknad av migrasjon (folkevandring/inn- og utflytting) – kva skjedde og har vi noko å læra? Frå kl 13 til klokka 16, open kafé frå kl 13 og middag frå kl 16.
Bygdebokkomiteen i samarbeid med Kalottspel ønskjer å formidla historia til Målselv og vår region. I år sett vi fokus på korleis Indre Troms er påverka av innvandring frå øst og sørfrå i fleire hundre år samt nyare innvandring knytt til blant anna Forsvarets etableringar.
Innledning ved ordfører Martin Nymo deretter foredragshaldar Professor i historie Steinar Aas, Nord universitet talar om «Migrasjon og flytteprosessar – historie, kultur og framtid»Utviklinga vi har sett nordpå dei siste 200 åra og så sjå litt på kor vi går og korleis vi tenker oss utviklinga framover.
Professor Stian Bones UiT Norges arktiske universitet talar om «Indre Troms og Forsvaret. Tilstedeværelse og samfunnsutviklingar gjennom hundre år». Korleis Indre Troms har utvikla seg og endrast dei siste 100 år.
Ellen Width, tidlegare seniorrådgivar Midt-Troms museum talar om dei spor vi har av kvensk kultur og innvandring i Midt-Troms.
Debatt/spørsmål – har migrasjon i tidlegare tider nokon verdi i dag, korleis og kvifor skal vi ta med oss fortida inn i framtida?
Etter seminaret kan deltakarar kjøpe middag og billett til opningskonserten - knytte til same emne; «Ômvesla» - Ein fortellarkonsert om å satse, om å reise og om å bli. Nina Fjeldet ber publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.
Meir informasjon om festivalen og programmet denne veka på www.kalottspel.no. For meir informasjon om seminaret og innehald kontakt leder i Bygdebokkomiteen Stig Magne Hagen, tel 47977050