Tilbake til alle arrangementer

Kalottspelkonserten: Hekate

Laurdag 9. august
Mellembygd Samfunnshus
Klokka: 19:30

Billettar: kr. 300 / inkl. i festivalpass
Billetten gjer òg inngong på Kalottspelfesten

Foto: Guro Sommer

Kalottspelkonserten er som vanlig todelt, og i første halvdel får vi et gjensyn med noen artister som har deltatt på Kalottspeluka, og vi får kanskje noen overraskelser. Det blir også utdeling av Kalottspelkrypet!

Hovedartisten på Kalottspelkonserten er trioen Hekate.

Hekate er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. No har dei slått seg saman for å ta den tradisjonelle dansemusikken i ein ny retning med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Med materiale frå heile landet som utgangspunkt, tek dei slåttemusikken på nye vegar gjennom improvisasjon, kraftfulle klangar og heftig tramp. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang. 

Etter konserten vert det duka for Kalottspelfesten.

Meir om Hekate:

(video) Hekate syng Springar etter Asmund Buen

Hekate er: 

Malin Alander frå Nordfjord er m.a. Kjent frå trioen Aurom, som tidlegare har hatt ein nærast magisk konsert i grotta på Rundhaugen. Ho har ein duo med Ole Nilsen, som m.a. har markert seg med si tolking av Draumkvedet. Ho er ein ettertrakta solist og ensemblesongar, og har vunne landskappleiken.  

Silje Risdal Liahagen frå Hallingdal er songar, skodespelar og dansar med mange jern i ilden. Ho er kjent frå m.a. Kvedarkvintetten, som denne våren kom ut med albumet «Tagal». Ho dansar i Mamelukk Dansekompani, og er å sjå og høyre i mange ulike produksjonar på scener omkring i verda. Endeleg kjem ho til Kalottspel.  

Synnøve Brøndbo Plassen er kvedaren frå Folldal som slo gjennom med eit brak på den norske vokalscena. I fjor var ho på Kalottspel i samspel med Bendik Qvam, ein duo som nyleg har komme med nytt album, sjekk ut! Ho har gitt eit heil album med slåttetralling, og delteke i mange spennande samspelsprosjelt. Ho har vunne landskappleiken.  

Dei slepp sitt debutalbum på Grappa/ Heilo i juni 2025, med Martin Langlie som produsent. 

Dei hadde sin debutkonsert på Tuvas Blodklubb på Riksscenen, og skapte der eit rom med dans, lytting og begeistring for slåttemusikken. Sidan då har dei vore eit heitt samtaleemne i folkemusikkmiljøet i Norge og spelt på m.a Motvindfestivalen, Hausmania Kulturhus, Columbi Egg og Folkelarm. Mange såg dei kanskje i beste sendtetid på Lindmo på NRK i mars i fjor.  

Tidligere arrangement: 9. august
FolkeFest - Arctic Race of Norway
Senere arrangement: 9. august
Kalottspelfesten 2025