Tilbake til alle arrangementer

Kaipu

Laurdag 9. august
Mellembygd Samfunnshus
Klokka 16:00

Billettar: kr. 400 / inkl. i festivalpass

Nordnorsk Jazzensemble reiser vidare inn i det ukjente kvensk landskapet. Saman med den internasjonalt anerkjente komponisten og trompetisten Arve Henriksen har dei skapt Kaipu, eit prosjekt der den kvenske kulturen løftast fram, formes og bringes inn i eit nytt lys, i jazzens og improvisasjonens teikn.  

Kaipu – som betyr lengt og sakn, beskriv dagens situasjon med kvensk kultur. Det finns eit sakn til noko som kvenane har mista. Lengsel til eigne kulturuttrykk som ein gong eksisterte, men som ikkje fekk moglegheit til å bli overført eller utvikla vidare. Dette er gjennomgåande i det mange kvener lever med i dag. Dette prosjektet håper på å gjenspegle nokre av erfaringane som kvener har hatt, og Kaipu står heilt sentralt i dette.  

Gjennom små og store lydlandskap får vi oppleve omarbeida gamle kvenske skillingsviser, salmer, tekster, rim, regler og songar. Alt i improvisasjonens ånd. 

“ENESTÅENDE. Litt av en opplevelse. Dette var en helt unik og mektig konsertopplevelse. Jeg håper at kvensk kultur og musikk kommer mer frem i lyset som et resultat av dette, og at jeg snart får se Nordnorsk Jazzensemble spille igjen” –Ola Vik, Nordlys

Nordnorsk Jazzensemble består denne gang av:  

Arve Henriksen - trompet, elektronikk  
Frida Lydia Hansen - vokal  
Svein Schultz - bass       
Viktor Wilhelmsen - gitarer        
Mariann Torset - orgel     
Aleksander Kostopoulos - trommer, perkusjon 
Adrian Danielsen - keyboard, piano  
Louisa Palmi Danielsson – elektronikk, effekter 
Sivert Henriksen – Lyd 
Ruben Westerli – Lys 

Musikk og tekst er komponert, tolket og rearrangert av Viktor Wilhelmsen, Svein Schultz, Mariann Torset, Frida Lydia Hansen og Arve Henriksen. 

Nordnorsk Jazzensemble er ei stor og etterlengtaa nysatsing for jazz og improvisasjonsmusikk i landsdelen. Her samlast Nord-Norges fremste musikarar inna jazz og improvisert musikk i eit stort, profesjonelt ensemble. Med splitter ny musikk skrive spesielt for ensemblet og musikarane som deltek skal Nordnorsk Jazzensemble vise fram det særpreget og mangfaldet som landsdelen representerer innanfor jazz og beslektet musikk. 

Kaipu har eit oppsett og ei gjennomføring som er ulik andre produksjonar. 

Publikum møtes av dempa belysning og lyden av ei svak kantele. Det brukes eit kvadrafonisk lydoppsett (surround) som gjer at lyden fyller heile rommet. Den tradisjonelle scena er tatt vekk, og musikarane sitt i ein sirkel med publikum omkring seg. Ei nær og nærme oppleving og eit samspel mellom alle i rommet.  

Foto: Allan Berg

Tidligere arrangement: 9. august
Kalottspeliaden
Senere arrangement: 9. august
FolkeFest - Arctic Race of Norway