Tilbake til alle arrangementer

Ellika Frisell og Rafael Sida

  • Kalottspel 1842 Mellombygdveien Rundhaug, Troms, 9336 Norway (kart)

Fredag 8. august
Mellembygd Samfunnshus
Klokka 12:00

Billettar: kr. 250 / inkl. i festivalpass

Ellika Frisell og Rafael Sida. Foto Märta Thisner

Ellika Frisell og Rafael Sida. Foto: Märta Thisner

Eit nært og personlig meistermøte mellom to av dei mest tonesettande og banebrytande folkemusikarane i vårt århundre. Rafael Sida er ein rytmisk allkunstnar, kjent for sin mangsidige leik mellom ulike rytmiske verdar. Ellika er felespillar med ei nærmast trassig nysjerrighet rota i både tradisjonsspelet og den meir eksperimentelle folkemusikkscena.  

«Musik är färg och tid», sa den legendandariske Bingsjöspelmannen Päkkos Gustaf (1916-2000), kjelde og spelkompis av Ellika. For to år sidan kom albumet «Färg och tid», der Ellika og Rafael hyller dansen, polskaspelet og fenomenet tretakt! Her kan vi høyre slektskapet mellom den skandinaviske folkemusikken og den afroamerikanske rytmetradisjonen, to verdener som møtes utan samanstøt.  

To stemmer, ein dialog

Vi høyrer samspelet mellom to sterke artistar som frå ulike ståstader utforskar og utfordrar slåttar og den rytmiske «svängen». To musikalske språk som heile tida må lytte til kvarandre for å forstå kva den andre seier. 

Ellika Frisell er ein veteran på den svenske folke- og verdsmusikscena. Ho har motteke mange priser for sitt arbeid både som utøvar og pedagog. Nysjerrig og målretta har ho fordjupa seg i, og vidareutvikla, arven etter læremeistrane sine, Thore Härdelin, Päkkos Gustaf og Nils Agenmark. Ho har óg studert hos den indiske fiolinisten K. Shivakumar. For sitt mangeårige samarbeid med koraspelaren Solo Cissokho har ho fått både Manifestprisen, Grammis, BBC World Musik Award og utmerkelsen «Årets grupp» på Folk- och Världmusikgalan. I 2021 mottok ho Kungl. Musikaliska Akademiens prestifjefylte «Store Folkmusikpris» for sin innsats for den svenske folkemusikken.  

Rafael Sida er eit tungt navn innanfor både jazz- og verdensmusikken. Han voks opp i Mexico saman med åtte musikalske brør. Han starta si musikalske reise som trommis i ulike rock- og fusionband på den dynamiske og spennande musikkscena i 60talets Mexico. Han har fått medalje fra Enciclopedia del Rock Mexicano, vunne svenske Grammis, og turnert med artistar som Ale Möller, Bohuslän Big Band, Ellika Frisell og Solo Cissokho. Han har medverka på utgivelser med spennvidda frå Monica Zetterlund til legendariske Hot Salsa, og er i dag etablert som ein nestor i den svenske «svängeliten».  

Ja det är inte alltid som det vildaste och mest nyskapande kommer från det håll man tror, som kanske från en ung hungrig artist.. utan här har vi Ellika Frisell och Rafael Sida, som är två av dom tyngsta namnen i svensk folkmusik, som är dom som överraskar mest i år.
— Esmeralda Moberg, P1 Kultur

Sjekk ut duoens musikk her:

Tidligere arrangement: 8. august
Musikk og morgendukkert
Senere arrangement: 8. august
Løvhaugfjøset: Aaret Duo