Tilbake til alle arrangementer

Ethno Arctic og Trøkk på Takt

  • Mellembygd Samfunnshus (kart)

Mellembygd Samfunnshus
Torsdag 6. august
Klokka 17:00

Vaksen: 200,- / inkl. i festivalpass
Ungar under 16: Gratis såframt det er plass

Ethno er eit verdsomspennande fenomen som finns over heile verda. Ethno har funnes i over 30 år, medan Ethno Arctic skjedde for fyrste gong 2021.

Trøkk på takt er i år eit dansekurs for unge vakse, og skal samarbeide med Ethno og sette saman eit heilhetleg program til torsdagskonserten.

I år samlast altså unge musikarar og dansarar frå heile verda i Målselv for å dele og utveksle musikk og bevegelse. På torsdagen delar dei det dei har jobba med med oss i publikum.

Vi kan ikkje tenke oss ein betre start på årets Kalottspel enn å invitere Ethno Arctic og Trøkk på takt til å dra festen i gong etter den offisielle opninga. Her blir det spel- og danseglede, musikalitet og skaperglede i konsentrert form. Kanskje vil vi oppleve både kjente toner og kanskje sjå nokre kjente fjes, og vi vil garantert høyre noko ingen av oss har høyrt før.

Velkommen til ein konsert med ny, ung musikk og dans av beste klasse!

Video og bilete: Odd-Inge Larsen
Saum: Henriette Robertsen

Tidligere arrangement: 6. august
Seminar - Johan Nymo og arven
Senere arrangement: 6. august
Festivalopning