Målselva, felles avgang frå festivalkontoret
Fredag 7. august
Felles avgong klokka 09:30
Ope arrangement, inga påmelding krevjast
Rens kroppen og sjela med ein musikalsk morgondukkert!
Dette er programposten for den som ønsker å starte fredagen på beste vis. Saman går vi ned til elva der vi tar morgonkaffen, morgonbadet og morgonslåtten og -dansen. Kanskje er du eit morgonmenneske av natur, eller kanskje treng du å restarte skrotten etter gårsdagens dansefest? Uansett er du velkomen til å vere med på denne uhøgtidelige turen. Bading er sjølvsagt valfritt. Vi spanderar morgonkaffen!
Møt opp ved festivalkontoret 09:30. Det er ein kort gåtur i lett terreng (traktorvei/sti) til badeplassen.
PS: ta med handkle og anna du måtte ønske.
Bilete: Odd-Inge Larsen
Video: Sigrunn Haugli
Saum: Henriette Robertsen