Tilbake til alle arrangementer

Festkveld

Mellembygd Samfunnshus
25. oktober kl. 20:00

Dørane opnar 19:30

Vaksne: 250,-
U/16 (i følge med vaksen): 0,-
Var du frivillig på Kalottspel? Sjå eigen informasjon.

Nattmål-koret

25. oktober inviterar vi til ein skikkeleg festkveld med Tromsø-koret Nattmål, Nordfolk Spelmannslag og Målselv Spelmannslag.

Nattmål er eit blandakor med hovedbase ute i Ersfjordbotn i Tromsø kommune. Dirigent er Synne Mariussen. Koret er kjend for godt humør og engasjerande konsertar. No har dei jobba med folkemusikk-materiale, og kva passar betre da enn å få dei til Målselv på ein real festkveld!?

Nordfolk Spelmannslag med base i Tromsø kjem for å spele både til konsert og dans. Det flunkande nye spellage er under musikalsk leiing ved Tromsø-bauta Einar Fosse, og spelar musikk som får det til å svinge i dansefoten.

Målselv Spelmannslag er bygdas eige spellag, og er viden kjend for høg energi, dansbare melodiar og god stemning. Dei vert og å sjå både til konsert og dansespel. Målselv spelemannslag er under leiing av Rundhaug-boar Jo Einar Jansen.

Dørane og baren opner 19:30 og er opne utover kvelden og natta.

De skal heller ikkje sjå bort i frå at det dukkar opp ein overrasking eller to i løpet av kvelden!

Tidligere arrangement: 7. september
Klangbein 20 år!