Mellembygd Samfunnshus
Torsdag 28. mai
Klokka 19:00
Vaksne: 300,-
Ungar under 16 år: Gratis
Niko Valkeapää og Tore Bruvoll. Foto: Carl Christian Lein Størmer
Eanadagat – Landskap
Niko Valkeapää og Tore Bruvoll arbeidde saman for første gong i 2011 under innspelinga av «Julefolk» på NRK1. Det vart starten på eit venskap og eit samarbeid som no har resultert i duoen si første utgjeving saman. Ni nye songar skrivne og komponerte av Valkeapää og Bruvoll, og éi nyinnspeling av ein MGP-klassikar frå 1980.
Tittelen Eanadagat tyder landskap på samisk. Songane tek føre seg tida vi lever i, tida vi kjem frå, reiser ein har teke og stader ein skal til. Vi blir tekne med tilbake til minne og draumar, filosofisk undring, melankoli og glede.
Dei nye tekstane er signerte Valkeapää, og musikken er komponert av duoen i samarbeid.
Vi blir tekne med til Nord-Afrika, Paris, Tromsø og Enontekiö i Finland. Musikken leikar seg i grenselandet mellom world music, viser og tradisjonsmusikk. I tillegg har dei kasta seg over den legendariske MGP-låten Samiid Ædnan frå 1980, skriven av Ragnar Olsen og Sverre Kjelsberg. Dei har omsett henne til samisk og pakka henne inn i nye fargar.
Niko Valkeapää har sidan debutplata si i 2003 vore ein av dei leiande artistane og låtskrivarane i Sápmi. Han har vunne Spellemannpris og vore nominert fleire gonger, og har turnert verda rundt med musikken sin.
Tore Bruvoll har sidan tidleg på 2000-talet vore ein kjend profil i det norske folkemusikkmiljøet, og er særleg kjend som gitarist i Hekla Stålstrenga. Med sitt særmerkte spel har han samarbeidd med musikarar i mange sjangrar og halde konsertar i Asia, Amerika og Europa.
Saman har dei no skapt eit felles og eige uttrykk der Nikos vokal smeltar saman med Bruvoll sitt gitarspel.