Tilbake til alle arrangementer

Grottekonsert med Aurom

Aurom.jpeg

Om Aurom
Folkesongtrioen Aurom slepper plate på Nye Nor (tidl. NORCD) 15. april 2021. Aurom har nettopp skifta namn frå IMOG.

Namnet Aurom er henta frå Auromheimen. Dette er det andre riket, som Olav Åsteson vandrar gjennom i Draumkvedet. Auromheimen er ein mystisk stad, eit slags hinsidige der ein ser både til himmel og helvete. Den andre staden.

Noko anna er også denne vokaltrioen. Tre stemmer, tre musikarar som vil bruke stemma som instrument til å uttrykke både mørket og ljoset i livet. Dei punkta der ord blir fattige.

Trioen hentar tidlause songar frå tradisjonen, og skriv nye inspirert av dei gamle. Tre ulike stemmer med stort spenn og ein sjeldan samklang. Aurom har finne kvarandre i leikenheten, i kjærleiken til stemma si evne til å sei så mange ting, utan at ein treng ytre eit ord. Folkesongane har også denne evnen. Dei flyt gjennom åra utan å miste magien som er ein god melodi, vakre eller sanne ord som resonnerar i oss, og spontaniteten i å lage musikk i akkurat dette augeblikket.

Musikarane: Ingebjørg Lognvik Reinholdt (folkesong/stemme) Malin Alander (folkesong/stemme) Guro Utne Salvesen (folkesong/stemme)

KONSERTEN ER I GROTTA PÅ RUNDHAUG 12. JUNI KL. 12.00.
BILLETTER KR. 250. BARN U/16 ÅR GRATIS DERSOM DET ER LEDIG PLASS.
VI FØLGER GJELDENDE SMITTEVERNSREGLER OG BER ALLE BESØKENDE FØLGE OG HOLDE SEG OPPDATERT PÅ DISSE.

Hør sending frå NRK Folkemusikktimen her.

Tidligere arrangement: 5. juni
Ragnhild Furebotten Trio: Klopper
Senere arrangement: 29. juni
Lillebo & Stubsveen i Løvhaugfjøset