Tilbake til alle arrangementer

Susanne Lundeng Trio - "FØLGE" + dansespel etter konserten!

Foto: Martin Losvik

Susanne Lundeng
- «Lundeng er en levende folketone!», (avisa Nordlys)

Susanne Lundeng er nordnorges kanskje viktigaste felesplar i nyare tid. Saman med Annbjørg Lien inspirerte ho ein heil generasjon av musikarar, ikkje minst viste ho at jentene står sterkt i folkemusikken. Ho dykka inn i tradisjonsmusikken i Nordland og formidla den vidare til eit enormt og breidt publikum. Susanne er fortsatt like aktuell, og stadig skapande. I 2015 vann ho Spelemannsprisen for ei dobbeltplate med solospel frå heimområda. I 2019 mottok ho NOPAs tekstpris for si fyrste sangtekst “Det va nære på”.

«FØLGE» er Susanne sitt trettande album, og kjem 27. januar 2023.
Hennes musikalske språk ligg trufast i djupet av den nordnorske ur-rytma, ei pulserande tre-takt med kraft og intensitet og folketonane sine poetiske og melodiøse linjer.
Her er langstrakte, malande musikalske bilete med fela som fortell, og små sanselege betraktningar i tekstene, alltid nært tilstedeværande.

Albumet har fått tittelen «Følge». I nordnorsk gamal tru er følge kvart menneske sin skytsånd, ein ledsagar i livet frå vugge til grav og opptrer som ein forvarslar og beskyttar.
«Vi har med oss alle mennesker vi har møtt gjennom livet og jeg er et ledd i en spille- og fortellerkultur og har med meg musikken, spelemenn og minnene. Det opplever jeg som mitt følge» sier Susanne.

SUSANNE LUNDENG sin musikk beskrives som virtuost felespill, skjøre songar, innovasjon og tradisjon, med den nordnorske folkemusikken som ankerfestet. Ho er ein av Norges mest anerkjente folkemusikarar. Med sine musikalske røtter i folkemusikken i Nord-Norge, har ho ein særeigen lyd som musikar, komponist, songar og musikalsk fritenker.

Hennes komposisjonar oppstår i kjølvannet av musikalske minner og i si forkjærlighet for drivande nordlandske danserytmer og vemodige folketoner.

I samspelet med musikarane Nils-Olav Johansen og Erik Nylander oppstår eit leikent og ekspressivt kammerspel i ei symbiose av  nordnorsk folkemusikk, improvisasjon og viser.

Konsertane blir ofte skildra som lett, leikent og lystig, samtidig som det er stormfullt og rørande, intenst og rått. 


Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar som henter inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda i sitt musikalske uttrykk, og er kjent for sine virtuose improvisasjonar med umiskjenneleg signatur. Han er tilsett som professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

 

Erik Nylander er født i Norberg, Värmandlands län i Sverige. Han er utdanna på jazzlinja ved NTNU i Trondheim og har utvikla eit trommespel med fasinasjon for både jazz og etnisk verdsrytmikk. Dette gjenspeglar seg i hass medverknad som musikar og produsent i mange ulike musikalske prosjekt, som hans samarbeid med Ola Kvernberg, Monoswezi, Bjørn Alterhaug Quintet.


Etter konserten byr vi på levande dansespel ved Jo Einar Jansen. Her er det låg terskel for å svinge seg på dansegulvet, og ein anledning til å ta seg ein dans eller to for både den som ikkje har dansa på lang tid, den som danser mykje, og den som ikkje har dansa før. Det blir dansegulv og servering fram til 23.00.

Konserten er på Pøbben på FilmCamp i Øverbygd, laurdag 18. mars kl. 20.00. Dørene opner 19.00, konsertstart 20.00.
Billettar kostar kr., 250 (+ bill.avgift), og kjøpes på førehand eller i døra. Ungar under 16 år kjem inn gratis så lenge det er ledig plass.
OBS! Mindreårige må ha følge av ansvarleg vaksen.

Tidligere arrangement: 14. februar
Vise i Vestavind - Fotefar spiller Stangnes
Senere arrangement: 13. april
Eriksson/Myhr/Malmström