FolkBand 2026

Er du mellom 12 og 18 år og vil lage musikk saman med andre? Kom, lær og bli inspirert! FolkBand er eit fire dagar langt kurs med fokus på samspel. Med veiledning frå dyktige instruktørar vil deltakarane få lære dei beste låtene, og sette dem saman i stilige arrangement. Her får du lære tips og triks om korleis man får låtene til å svinge og høres skikkeleg bra ut, korleis instrumentar fungerar saman, og ikkje minst korleis lage skikkeleg bra musikk!

Superduoen Ester Thunander og Hans Mikkel Melhus kjem attende for å halde kurs i år og. Ester og Hans Mikkel er to dyktige musikarar, med eit auge for det leikne og bred kompetanse på fleire instrument.

Kurset er ope for dei aller fleste instrumenttyper – song inkludert! Ta med instrument sjølv, og meld frå til oss om du har noken behov utover det, så tilrettelegg vi så godt vi kan. Kursinstruktørene har bred kompetanse, og vil veilede og vere med på å sy alt saman. Du bør ha spilt eit par år og vere noko kjend med instrumentet ditt for å få størst glede av kurset.

Kurset startar opp onsdag 5. august kl. 17.00, og avsluttes med deltaking på fremvisninga «Kalottspel UNG» laurdag. Vi tilbyr kost og losji på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter, og FolkBand-deltakere får og ta del i fleire av dei andre festivalarrangementa. Nærmare timeplan sendes ut i god tid før kursstart.

Nina Fjeldet