Etter stor interesse i fjor arrangerer vi også i år eit kurs i folkeleg dans. Dette kurset gir deg “survivalskills” i reinlender, polka og polsdans. Med andre ord akkurat det du trenger for å briljere deg gjennom dansefesten!
Kurset er for både ferske og litt øvde, og terskeleg er låg. Kom som du er, det går fint an å komme aleine!
Det er ingen ringare enn Torill Steinjord som leier kurset. Torill er ein av 4 (!) med bachelor i norsk folkedans! Ho er frå Grytøya, og rett og slett ein ringrev på dansegulvet. Forutan å være erfaren som danser i ulike ensemble og sceniske prosjekt, er ho ein framifrå pedagog og festdansar. Velkommen til ei artig kursaukt!
Kurset er fredag 11. august kl. 13.00- 15.00 på Mellembygd Kultur- og oppvekstsenter. Det koster kr. 300,- å delta.