Tilbake til alle arrangementer

FolkBand 2023!


Er du mellom 12 og 18 år og vil lage musikk saman med andre? Kom, lær og bli inspirert!

FolkBand er eit fire dagars- kurs med fokus på samspel. Under rettleiing frå dyktige instruktørar vil deltakarane få lære dei beste låtene og sette dei sammen i stilige arrangement. Her får du lære triks og tips om korleis ein får låtene til å svinge og låte skikkelig bra, korleis instrumentene fungerer saman, og ikke minst korleis lage skikkeleg bra musikk!

Kurset er ope for dei aller fleste instrumenttyper. Ta med instrument sjøl, og meld frå til oss om det er noen behov utover det og vi vil tilrettelegge så godt som råd. Kursinstruktørane har brei kompetanse, og vil rettleie og være med å sy det heile sammen. Du bør ha spelt eit par år og være nokonlunde kjent med ditt eget instrument for å få største glede av kurset.

Årets instruktørar er sjølvaste gitarist Tore Bruvoll (kjent frå bl.a Hekla Stålstrenga) og felespelar Jo Einar Jansen.

Kurset starter opp onsdag 9. august kl. 16.00, og avsluttes med deltaking på framsyninga “Kalottspel UNG” lørdag kl. 13.00. Nærmere timeplan sendes ut i god tid før kursstart.


PRAKTISK INFO Deltakarane har tilbud om å bo på flatseng på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter under kurset. Vi har nattevakt på huset som ser til at det er ro på rommet på natterstid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg madrass og sengeklær. Det er tilgang til garderobar på huset.

Dersom du har allergi og må ha særskilt diett, eller det er andre hensyn vi skal ta, ber vi dere opplyse om dette i påmelding, eller seinast innan 1. august.

For at Kalottspel skal bli ei god oppleving for alle kursdeltakarane har vi nokre reglar som gjeld for oppholdet. På Kalottspel er det plass til alle, og alle deltek i dugnaden for å passe på at alle har det bra. Vi følger dei reglar som er gjeldande, og tek omsyn til dei rundt oss. Deltakarane har tilgang til dei fleste av våre arrangement, så fremt det er ledig plass og ikkje 18 års aldersgrense. All bruk av tobakk og alkohol er forbudt. Det er ikkje lov å forlate festivalområdet utan særskilt avtale om dette.

Tidligere arrangement: 9. august
FolkDans 2023!
Senere arrangement: 10. august
Kalottspel for Unger