Foto: Anders Lillebo
Velkommen til spelkurs med Kjell- Erik Eriksson. Her får du lære gromme slåtter frå ein av dei gildaste felespelarane!
Kurset er på fele, men det er og moglegheit til å delta på andre instrument. Som deltakar må du være sjølvgåande på ditt instrument. Utlæringa foregår på gehør.
Kurset er laurdag 12. august kl. 10.00- 12.00 på Mellembygd Kultur- og oppvekstsenter. Det koster kr. 300,- å delta.
Litt om Kjell Erik
Kjell Erik er felespeller født 1971 i byen Kaxås i Jämtland. Han er kjent som felespelar frå gruppene Triakel og Breda Gatan, og fekk heile Kalottspel til å svinge seg under konserten med folkrock- kongene Hoven Droven på fjorårets Kalottspel. Han underviser og på folkemusikklinja på Birka folkehögskola. Han rekner musikken frå Offerdal som viktig. Sidan han var tenåring har han lytta til fleire av dei eldste felespelarane, og prøyd arkiva etter stoff frå Lapp-Nils- tradisjonen. I 2001 slapp han solo- albumet “Offerdalslåtar”, med låter etter nettopp Lapp-Nils.
Her kan du tjuvstarte! Hør og sjå Kjell-Erik fortelle litt om Lapp-Nils og lære ut ei låt etter han.