Kurs 17-26 år
Mellembygd Samfunnshus
6.-9. august
NB: Les info nøye
Påmeldingsfrist: 20. juli
Deltakaravgift kr. 1300, dekker kost/losji/festival
Foto: Odd-Inge Larsen
Kurset er for dei som er 17 –26 år, og er regna for rutinerte folkemusikarar og folkedanserar.
Trøkk på Takt er et kreativt og inkluderande utviklingsprogram for unge folkemusikarar og folkedansarar frå heile Nord-Norge. Her får du utforske tradisjonane, utfordre deg sjølv og andre, og utvikle ditt eiget uttrykk.
Kurset startar på onsdag 6. august, klokka 10:00, og avsluttes med oppvisning under Kalottspelkonserten laurdag kveld.
Prosjektet er laget for å gi unge i Nord-Norge moglegheita til å utforske tradisjonelle uttrykk på en moderne og energisk måte. Gjennom workshops, rettleiing og samspel vil deltakarane få moglegheita til å utvikle både musikalske og dansetekniske ferdighetar, samtidig som de bygger nettverk og samarbeid på tvers i heile landsdelen, frå nord til sør, frå kyst til innland. Målet er ikkje å vinne – men å vokse.
Er du usikker på om dette kurset er for deg, kan du ta kontakt med oss i Kalottspel, så finn vi ut av det saman. Send mail til tone@kalottspel.no
Med i kurset er losji og heilpensjon på festivalarenaen. Dermed får også desse kursdeltakarane vere ein del av fellesskapet kring festivalen og kursavviklinga.
Det er plass til maks 12 på kurset.
Kurset vil vere både for dei som speler og dansar.
Instruktørar:
Foto: Martina Myhrberg
Inga Myhr
Inga er dansar og pedagog frå Trysil. Ho har ein BA i utøvande tradisjonsdans frå NTNU og Ole Bull Akademiet og har jobba både som dansar, pedagog og koreograf. Ha har dei siste åra vore aktuell med forestillinga "Det er nå runnom som er dansen, da" saman med Sigrid Stubsveen. Ho underviser ukentlig barn, ungdom og vaksne i Bergen, og reiser ellers rundt og har kurs og seminar for ulike aldersgruppar. Ho elsker dei små, finurlige dansane som kjem frå ulike kriker og kroker i landet og har alltid nokon gode tips og triks på lur..
Foto: Tone Ingvaldsen
Jo Einar Jansen
Jo Einar er felespelar og sanger fra Frosta i Trøndelag. Han har levd sitt liv saman med folkemusikken gjennom familien og spelemannslaget i oppveksten, og utøvande studier på Noregs Musikkhøgskule rundt om i Norden. No bor Jo Einar i Målselv, og leiar spellaget ser. Han er kjent fra grupper som Moenje, Hans, Jo! og Kartellet, i tillegg til at han spiller mye solo, både til dans og konsert. Jo Einar held kurs over heile landet, og er ein drivande dyktig dansespelmann.