Årets program er her!

Foto: Odd.Inge Larsen

Vi er stolte over å kunne sleppe eit program med mange spanande artistar som favnar bredt i vårt nedslagsfelt!

 

Allereie onsdag startar ungdomskursa, der vert det gjentaking av suksessane FolkBand og FolkDans for alle mellom 12-18 år. I tillegg startar eit rykande fersk prosjekt som heiter Trøkk på Takt, som er eit fordjupningskurs for rutinerte dansarar i alderen 17-26 år.

Kalottspel for Ungar startar torsdag.

På torsdagen brakar det óg laus med opning, solokonsert med Emil Karlsen (NO/SÁ) etterfulgt av høyenergiske Mäsä Duo (FI) før pub.

Fredag er det duket for tradisjonell Musikk og Morgendukkert, etterfulgd av lunsjkonsert med den svenske superduoen Ellika Frisell og Rafael Sida (S). Deretter er det kurs for vaksne som står på programmet.

I løvhaugfjøset vert det kvenske tonar og historiar når Aaret Duo (NO/FI) speler opp. Susanne Lundeng kjem fredag kveld med si n konsert “De Salige” - ein opplevelse av dei sjeldne.

Fredagskvelden er satt av til rykande runddanstakter når Folkemølje presenterer Thomas og Ole Nilsen (NO) og DJ Dina Konradsen (NO).

Laurdagen startar med kurs for vaksne, og følges opp med familiedagen. Her vert detgrilling, leik, dans og spel for alle. Ein kan få med seg resultatet av barne- og ungdomskursa på Kalottspel UNG-konserten.

I år har vi også premiere på den aller første Kalottspeliaden! kartellet og Folkemølje kjem for å overhalde aktivitetane, som består i alt frå rumpehopp til 2 km nordlandspols.

Foto: Stig-Rune Holien

Kaipu (NO/KV) spelar ettermiddagskonsert før vi tek folkefesten ut igjen og har allspel og alldans i det Arctic Race of Norway susar forbi.

Heilt til slutt vert det Kalottspelkonsert og Kalottspelfest. Vokaltrioen Hekate (NO) er kveldens hovudartist.