Storvask - tradisjon tro

Storbil til storvask. Foto: Tone Ingvaldsen

Kvart år sørgar brann og redning for eit fint og skylla uteområde på festivalen.

Før telt og scene kan settes opp, må området vere skylla og rydda. Frivillige har allereie gått over området med rake og kost, og no stod storvasken for tur.

Onsdag 6. august stilte Brann og redning opp på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter for å spyle skulegarden og områda rundt.

Dei skulle skylle skulegården og området foran samfunnshuset, slik at vi får eit reint og pent uteområde til festivalen.

– Vi venter på telefon med forespørsel om å kome å skylle kvart år, smiler Kenneth Brattli Molund.

Molund er varabrannsjef og leder beredskap i Målselv kommune.

Kenneth Brattli Molund er varabrannsjef og leder beredskap i Målselv kommune. Foto: Tone Ingvaldsen

Storøgde tilskuarar

Med seg har han to brannsoldater.

Sofie Tofte og Andreas Fordelsen er brannsoldater i førstegongstjenesta. Foto: Tone Ingvaldsen.

– Dei er i førstegongstjenesta, og tjenestegjer som brannsoldatar. Som del av beredskapen i bygda er dette ein fin måte å få mengdetrening på spylig, seier Molund.

Det er 10 brannsoldater i Øverbygd, og det er Sofie Tofte og Andreas Fordelsen som er med denne dagen.

Mens Tofte og Fordelsen spyler sit alle barnehageungane på rekke og rad og følg nøye med. Når spylinga er over er det fleire som snik seg bort for å kjenne på vannet.

– Det er ikkje kvar dag vi har så monge i publikum, semilar Molund.

Ekstra stas med ekstra folkefest

Det er ein fast tradisjon at det spylast før Kalottspel-festivalen.

– Vi kjem kvart år, og så er det jo ekstra stas med Arctic Race og ekstra stor folkefest akkurat i år, seier Molund.

Når tanken er tom og må fyllast reiser dei tilbake til Øverbygd for å fylle, for å unngå å tømme vasslagra til Mellombygd.

Nina Fjeldet