Årets design er gjenbruk!
Broderi: Henriette Robertsen, Artwork: Tank Design
I festivalplanleggingja er det alltid eit artig tema med årets design; korleis skal Kalottspel 2026 sjå ut, og kva skal prege bileta, plakatane og ideen for årets festival.
Slik ser heile designet til platecoveret ut. Saum: Henriette Robertsen
Leike med forma
Dei siste åra har plakaten vorte prega av eit artistbilete frå ein av årets artistar, men vi ville prøve noko nytt. Etter ein del drodling og planlegging fekk vi ideen om å gjenbruke eit design frå ein av artistane som kjem til festivalen i år: nemleg Hekla Stålstrenga. Da dei skulle lage cover til den nyaste plata “Heimført” fekk dei håndverkar Henriette Robertsen til å brodere eit design!
Dette designet er å sjå på platecoveret, og alle artistane fekk eit spesialdesign til sine eigne portrettar. Vi elska denne ideen, og gjekk i gong med å forhøyre oss om mogleg gjenbruk av broderiet.
Saman med Tank Design og Henriette Robertsen fekk vi laga eit utsnitt som kunne passe til oss. Der ein kan sjå litt av ei fele i bakgrunnen av ei nydeleg blå rose.
Den blå rosa får òg vere med i ulike former på våre artistplakatar og anna design.
Utstilling og kurs
Ikkje nok med at Henriette har brodert designet til Heimført og årets Kalottspel-festival, ho kjem til oss i veke 32!
Under festivalen vert alle dei originale broderia stilt ut på festivalområdet, og ho skal halde handsaumkurs med fokus på reparasjon og gjenbruk.
Vi er glade for å kunne inkludere håndsaum i årets kursrekkje, og er stolte over at gjenbruk får ein synleg plass i årets festival.
Sjølve plakaten må dykk nok vente litt med å få sjå, men den er rett rundt hjørnet!