No kan du melde deg som frivillig!
Årets festival nærmar seg, og vi treng eit lag med frivillige som vil hjelpe til med å lage ein super festival.
Uten dugnadsgjengen vert det ikkje Kalottspel, og vi gler oss kvart år til å møte nye og gamle og veteranfrivillige! Å vere ein del av ein dugnadsgjeng bidreg du til at dei som kjem til Målselv for å gå på festival får ein god opplevelse og ein betre festival. Kanskje blir du kjent med nokre naboar du ikkje har møtt før, eller får moglegheit til å tilbringe tid med dei du ikkje rekk å sjå så ofte.
Du får tilgong på dei fleiste konsertane og får tilbringe tid i eit miljø fylt med musikk, dans og folk.
Å vere ein del av ein dugnadsgjeng er artig, givande, spanande, litt slitsamt, lærerrikt og gir eit fellesskap som skapar noko saman.
Som frivillig vert du og invitert til frivilligfesten i oktober!