Allspel på årets Kalottspel!
Kalottspel er tida for fellesskap, dans og for å spele i lag! Gamle og nye vener møtes for å spele gamle og nye låter! Nokre låter ligg i fingrane frå før, andre låter er heilt nye for øret. Nokon heng seg på frå fyrste tone, andre vil gjerne øve seg opp heime før dei slepp spelet laus.
Det er mange som etterspør samspel, og som gjerne vil være med. Vistte du at vi har ei speleliste med allspelslåter vi syns passer godt på Kalottspel! Det er låter vi høyrer i gangane her kjem festivaldagane. Nokre lokale, ein del svenske, finske. Nokon er enkle og andre meir vriene. Her kan du høyre deg opp. Og hvis du sakner ei låt?? Legg ho gjerne til!!
På festivalen er det mange rom for buskspel. I tillegg har vi tre anledninger som passer ekstra godt til allspel:
Allspelsjam! I teltet torsdag etter opninga. Ca. kl. 20.00. Pakk opp instrumentet, bli med!
Familiedagen og KalottSpel-ilag! Her er det heilt låg terskel. Her står vi saman på scena, store og små, røynde og ferske! Har du ikkje eit instrument kan du spele på kam eller tromme på ei bøtte! Laurdag kl. 15.00 på utescena!
Allspel: Kalottspelkonserten starter som alltid med allspel! Her er det gjerne 3 låter som veksles mellom: “Till Målselv” av Calle Lundahl, “Russisk Schottis” og “Målselvhallingen”. Nederst på denne sida kan du finne noter på to av desse! Det organiseres gjerne ei lita fellesøving i forkant av konserten. Her er det berre å følge med!
Kom og bli med!