Tilbake til alle arrangementer

Carr og Roswall

Historien om Carr & Roswall starta med albumet «Step on it» frå 2003. Albumet vart ein suksess, og duoen var mykje ute på vegen i åra etterpå. Tida flyg, og i 2018 kom albumet med det høvelege navnet «Time Flies». Duoen har eit stadig pågående forskningsprosjekt om kva som eigentleg kan bli spelt på på ein gitar og ei nøkkelharpe, både av nytt og gamalt låtmateriale. Formatet er kanskje lite, men lyden er både stor og original, med mange variasjonar og spennande arrangement.

Ian kjem frå Lake District nord i England. Han flytta til Sverige i 2001, etter å ha besøkt landet som musikar nokre år tidlegare. Han er musikar, komponist og pedagog. Har har jobba med aristar som Kathryn Tickell, Kate Rusby, Eddi Reader og Kris Drever og mange fleir. Rundt årtusenskiftet var han del av det anglo- svenske bandet «Swåp», og i 2022 ga han ut album med bandet «Ian Carr & the various artists». Journalist i engelske «fRoots» har omtalt han som: “the most innovative… and sympathetic guitarist that Britain has produced in years, in any genre…”.

Niklas kjem frå Skåne sør i Sverige. Han er Riksspelman og vinner av verdenssmesterskapet i nøkkelharpe. Han er utdanna frå sjølveste musikkhøgskolen i Stockholm. I tillegg til å være pedagog er han ein svært aktiv musikar. Vi vil nevne samarbeid med artistar som Ulrika Bodén, Mia Marin og mange fleir, og han speler i «The Nyckelharpa Orchestra», Ranarim (som besøkte Kalottspel i 1997!) og trioen «Ahlberg, Er & Roswall». Sistnevnte vart nyleg kåra til årets gruppa på den svenske folkemusikkgalaen.

Konserten foregår på Mellembygd Samfunnshus fredag 11. august kl. 12.00.
Det vil være mogleg å kjøpe seg lunsj i kaféen før og etter konserten.

Konserten inngår i festivalpasset. Gratis for born u/ 16 år så lenge det er ledig plass.
Billett koster kr. 200,-

Tidligere arrangement: 11. august
KulTur på Målselva
Senere arrangement: 12. august
KulTur for unger! NB - ny tid!