Tilbake til alle arrangementer

KulTur på Målselva


Frå KulTur på Målselva 2019

Sommarens mest spektakulæte kulturoppleving! Tenk deg å flyte med straumen på elva i midnattskumringa. Stemninga er stille og magisk, berre avbrote av kulturelle og estetiske innslag. Som vanleg er innslaga ei overrasking for publikum. Dette er ei oppleving for livet!

Publikum møter opp på Mellembygd Samfunnshus, og blir frakta i buss nedover til Rundhaugøra. Der får alle utdelt flytevester og blir plassert i flåter. Turen avsluttes med musikk og forfriskningar på øra nedanfor skulen. Her er det gåavstand til Mellembygd Samfunnshus.

På denne elvesafarien er det været og naturen som har den endelege regien. Det er og dei som speler hovedrolla, med hjelp av kulturelle innslag undervegs. Kle deg godt etter værforholda. Legg att unødvendig utstyr heime. KulTur på Målselva skjer der og da, og publikum får være midt i det.

Møt opp i god tid før 23.00. Det er open kafé på Mellembygd Samfunnshus, og mogleg å få seg biteti der. Turen foregår i buss og på gummiflåter. Siste delen er ein gåtur i oppmerka løype (traktorveg) som går tilbake til parkeringsplassen. Dersom nokon har behov for utover dette, ber vi deg om å ta kontakt, så prøver vi å tilrettelegge så langt det går. Det er mogleg å ha med unger på turen, men dei må ha eigen billett og reise saman med ansvarleg vaksen.

Tidligere arrangement: 11. august
Folkemusikpub og allspel!
Senere arrangement: 12. august
Carr og Roswall