Tilbake til alle arrangementer

Opning og Ethno Arctic

Ethno Arctic på Kalottspel 2021.

Ethno er eit verdsomspennande fenomen som finns over heile verda. Ethno har funnes i over 30 år, medan Ethno Arctic skjedde for fyrste gong i fjor, 2021. I år skjer det på ny, og unge musikarar og dansarar frå heile verda skal samles i Målselv for å dele og utveksle musikk og bevegelse. Ei heil veke til endes skal dei bruke på å bli kjent, og skape noko heilt nytt.

Vi kan ikkje tenke oss ein betre start på årets Kalottspel enn å invitere Ethno Arctic til å ha opningskonserten. Her blir det speleglede, musikalitet og skaperglede i konsentrert form. Kanskje vil vi oppleve både kjente toner og kanskje sjå nokre kjente fjes, og vi vil garantert høyre noko ingen av oss har høyrt før. Velkommen til ein konsert med ny, ung musikk av beste klasse!

Konserten er torsdag 11. august kl. 18.00 på Mellembygd Samfunnshus.
Konserten inngår i festivalpasset. Enkeltbillett koster kr. 150,-.
Barn under 16 år går gratis inn dersom det er ledig plass.

Tidligere arrangement: 11. august
Seminar: Hvilke verdier skaper historien?
Senere arrangement: 11. august
Hoven Droven