Tilbake til alle arrangementer

Hoven Droven

Hoven Droven er eit musikalsk vogntog som kryssar sjangergrenser utan teikn til å svinge eller bremse opp. I tilhengaren sit Kjell-Erik med fela si og spelar gamle og nye låter frå svensk tradisjonsmusikk, låter som får nytt liv gjennom vrengte gitarar, rocketrommer, jazzsaksofon og stødig bass frå trekkvogna der resten av gubbane sit. Gjennom 30 år med konsertar har kvintetten frå Østersund fått publikum til å danse, headbange, hoppe og skrike frå scener over heile verda.Dei har inspirert mengder av band, som t.d. Gåte, med sine rocka tolkingar av låtar frå Jämtland og omegn.

Hoven Droven er:
Kjell-Erik Eriksson – fele, Bo Lindberg – gitarar, Jens Comén – saksofon, Björn Höglund – trommer og perkusjon, Pedro Blom – bass

 

Certainly not the only Scandinavian folk rockers still standing, but probably the best - Alex Monaghan / Folkworld, 2012

 

Vel møtt til konsert med folkrockvetaranane frå broderfolket i aust, vitale veteranar som “are still going strong” etter tre tiår som sirkusdirektørar i folkrockmanesjen.

Konserten er på Mellembygd Samfunnshus torsdag 11. august kl. 19.30.
Konserten er ein ståkonsert, men det vil bli ein del sitteplasser tilgjengeleg.

Konserten inngår i festivalpasset. Unger under 16 år kjem inn gratis, så lenge det er ledig plass.
Billetten koster kr. 400,- (+ bill.avgift)

Tidligere arrangement: 11. august
Opning og Ethno Arctic
Senere arrangement: 11. august
Folkemusikpub og allspel!