Tilbake til alle arrangementer

Susanne Lundeng – De salige

Fredag 8. august
Mellembygd Samfunnshus
Klokka 19:00

Billettar: kr. 350 / inkl. i festivalpass
Billetten gjer òg inngong på Folkemølje

Susanne Lundeng – De salige

"De salige" vekker opp lyder i dvale. 

Dei gamle spelemenn har stilnet og Susanne er no ein av dei eldste felespelarane i sitt tradisjonsområde Salten og Lofoten. For Susanne har det vore eit savn å høyre og spele med dei gamle som ho traff i sine unge år. Prosjektet spring ut av eit ønske om å løfte fram vår felles gamle musikkarv i eit nært møte mellom felespelarar, songarar, duoen og publikum.   

Konserten vert ein symbiose med duoen og arkivopptak av gamle spelemenn og kvinnestemmer frå Salten og Lofoten. 

Gjennom å sample lydar, frasar og enkelttoner fra dei gamle slåttene og songene får kvar spelmann behalde sin stemme og eigenart, slik som dei høyrast ut på eldre opptak, men dei skal spele ny musikk som Susanne komponerer.  

Konserten legg opp til ulike sekvensar som behandlar typiske musikalske stiltrekk i tradisjonen. Deler av musikken vil vere gjennomkomponert ny musikk og noko i ein meir improvisatorisk form. Her er Susanne i godt spele-selskap med Nils-Olav Johansen på gitar og elektronikk. 

For første gong får felespelarar som levde samtidig, men på kvar sin stad spele med kvarandre og Susanne får vere med! 

Medvirkande: 

Susanne Lundeng - komponist, fele, vokal og teknikk 

Nils-Olav Johansen - gitar, elektronikk og medskapar 

Are Bredahl Simonsen - lyd  

Susanne Lundeng har ei lang historie på Kalottspel, og som ein sentral utøvar og personlegheit i norsk musikk dei siste 30 åra.  

Tidligere arrangement: 8. august
Løvhaugfjøset: Aaret Duo
Senere arrangement: 8. august
Folkemølje