Tilbake til alle arrangementer

Johanna-Adele Jüssi trio - Slåtter fra Gaupdalen V

Slåtter fra Gaupdalen V
Mellembygd Samfunnshus
Fredag 13. mars, kl. 19:30

Billetter

Standard billett: 300,-
Barn under 16 år: Gratis

Foto: Stellan Backman

Ny musikk frå Gaupdalen!

Gaupdalen V

Johanna-Adele Jüssi trio kjem med sitt femte album frå Gaupdalen. Foto: Odd-Inge Larsen

Vår eigen Johanna-Adele Jüssi tek med seg sine to bandkameratar tilbake til Målselv og spelar heilt ny Gaupdalsmusikk for oss på Mellembygd Samfunnshus.

Den utopiske Gaupdalen kom til Johanna gjennom en drøm. Gaupdalen er et imaginært rike som Johanna mentalt teleporterar seg når ho opptrer og komponerar. Det er ein visjonær stad. Eit utopisk puslespelsatt saman frå mange av dei nordeuropeiske regionane ho har reist gjennom. Det betyr at alt høyres kjend ut, men likevel aldri heilt som noko du har høyrt før.

I 2021 var “Slåtter frå Gaupdalen” eit bestillingsverk til Kalottspel, og dalen har levd vidare sidan da.

No er vi klare for det femte albumet med tradisjonsmusikk frå Gaupdalen. Trioen har sidan 2021 spelt over 100 konsertar rundt omkring i Noreg og verda. Musikken har utgangspunktet i folkemusikken, men det brukes også virkemidler fra postrockens bråe dynamiske kast og jazzens åpne improvisasjon.

Vi er glade for at Johanna tek med seg konsepet, bandet og musikken tilbake til Målselv, slik at vi får vere med på neste stopp på Gaupdalsreisen!

Johanna-Adele Jüssi trio vart til den 12. mars 2020, da ho var på en turné med eit anna prosjekt som vart avlyst etter første konserten. På ein busstur mellom Vadsø og Vardø fekk gitarristen Bendik Lund Haanshus og kontrabassisten Christo Stangness høyre om Johanna-Adeles idé om eit band som skulle spele tradisjonsmusikk fra ein stad som eigentleg ikkje finns. Etter å ha spelt ei av Johannas låter sa Bendik: “Her har du jo bandet ditt!”

Trioen skapar musikk som ber dei hjartevarmande melodiane fra folkemusikkens sjel, og gjer eit lydbilde som er både kjend og unikt. Etter å ha utforska forskjellige folketradisjonar, stiller Jüssi spørsmål ved kva tradisjon betyr for ei sjel som stadig er på vandring. I Gaupdalen vekkes tradisjonar til live ettersom påvirkningar stadig vevast saman.

Det er to år sidan sist trioen spelte konsert på Mellembygd Samfunnshus i anledning den fjerde plata. Foto: Odd-Inge Larsen

Trioen byr på delikate og vellagde komposisjonar som fremhevar deira unike stemme, inspirert av norsk og estisk folkemusikk, jazz og elektronika. Gaupdalens gledesfylte atmosfære gjennomsyrar trioens musikk. På turné sprer Jüssi konseptet ved å dele ut lokalavisa "Gaupdalsposten" og det går an å kjøpe økologiske gulrotfrø (alle skal ha moglegheit til å ta vare på matberedskapen!). Sjølv om Gaupdalen er ein fiksjon, skapar varmen og ærligheten i Jüssis musikk ein åpent og innbydande stad for alle.