Mellembygd Samfunnshus
Laurdag 10. oktober
Klokka 20:00
NB: Konsertbillett er inkludert for deltakarar på frivilligfest.
UNIK ORGELKONSERT
Foto: Odd-Inge Larsen
Marja-Liisa Orgelsuite er eit musikalsk møte mellom seks samanleggbare trøorgel frå Norden. Idémakar og komponist bak Marja-Liisa Orgelsuite er Mariann Torset frå Målselv. Sidan premieren på Kalottspel i 2018 har framsyninga blitt spelt meir enn 30 gonger i Noreg, Sverige og Finland, og i oktober er ho endeleg tilbake i Troms.
Trøorgel har vore eit viktig komp-instrument i finsk og svensk folkemusikk i fleire tiår, og Noreg har kome etter i løpet av dei siste 20–30 åra. I dag er trøorgel eit viktig instrument hos mange av våre mest kjende folkemusikarar. Musikarane i Marja-Liisa Orgelsuite har alle eit sterkt forhold til trøorgelet sitt, og svarte JA med ein gong dei blei spurde om å vere med i dette prosjektet. Det er sjeldan meir enn eitt orgel i eit band, så denne moglegheita til «orgelnerding» var alle klare for.
Milla og Leija frå Finland, Kristina og Janne frå Sverige, og Lena og Mariann frå Noreg har utforska kva seks samanleggbare trøorgel kan få til saman. Resultatet har blitt Marja-Liisa Orgelsuite, og vi kan love eit lydbilete du aldri før har opplevd.
Marja-Liisa Orgelsuite er ein samproduksjon mellom festivalen Kalottspel og Folkemusikk Nord, og var eit tingingsverk til Kalottspel 2018. Sidan den gong har ensemblet turnert både i Noreg, Sverige og Finland i regi av Folkemusikk Nord. Sigurd Johan Heide frå dansekompaniet Kartellet har vore med på å skape framsyninga som koreograf, og då er det mykje som tyder på at det blir god rørsle i framsyninga.
Musikarar:
Mariann Torset (N)
Lena Jinnegren (N)
Leija Lautamaja (Fi)
Milla Viljamaa (Fi)
Kristina Bergström (S)
Janne Strömstedt (S)