Mellembygd Samfunnshus
Torsdag 1. oktober
Klokka 19:30
FJELLTERAPI FOR GLADE PESSIMISTAR
Ragnar Olsen og Anne Nymo Trulsen
med Hans Fredrik Jacobsen og Åsmund Wilter Eriksson
Ragnar Olsen har nyleg gjeve ut si sangbok «Viser fra en glad pessimist», medan Anne Nymo Trulsen gav ut soloalbumet «Fjellterapi» i 2024. Derav konsertens tittel «Fjellterapi for glade pessimister». Premiera fann stad på Framscenen i Kvæfjord under ILIOS-festivalen for snaut 2 år sidan. Det vart fullt hus og jubel frå både publikum og lokalavisas anmeldar. Det vart faktisk så mykje god stemning av dette at kvartetten legg ut på ein Nordnorge-turné no i oktober. Det vert ein del nye viser på repertoaret, både frå Ragnar Olsen og kvartettens multi-instrumentalist Hans Fredrik Jacobsen, som kjem med nytt soloalbum i september. Han er i likheit med dei andre ein norsk vise-veteran, og har samarbeida med ikoner som Halldis Moren Vesaas og Erik Bye.
Anne Nymo Trulsen og Ragnar Olsen representerar to generasjonar nordnorske låtskrivarar og visekunstnarar, og er levande bevis på at den nordnorske visetradisjonen er særdeles vital og viktig for både fastboande og pendlarar. Og apropos fastboende: Det er ingen ringere enn Åsmund Wilter Eriksson fra Harstad som passer på at bunnlinja er i vater. Trulsen er kjend som ein del av kultbandet «Hekla Stålstrenga», men er òg ein soloartist med ein heilt egen evne til å nå ut over scenekanten.
Repertoaret består altså av Ragnar Olsens både nye og eldre nordnorske evergreens, blanda med Anne Nymo Trulsens nyare viser. Joda, her er både "Bjarkøynatt» og «Ishavsbyen», men òg nye sangar med godt potensiale til å bli folkeeie. Og altså eit par smaksprøvar frå Hans Fredrik Jacobsens nye soloalbum som kjem i september.
Ragnar Olsen - sang, gitar, banjo og torader
Anne Nymo Trulsen - sang, gitar, tangenter og ukulele
Hans Fredrik Jacobsen - gitar, fløyter
Åsmund Wilter Eriksson - bass og sang