Trøkk på takt - vårsamling
Trøkk på takt
Bli med på ei samling fylt med dans, spel og nerdete samtalar.
Trøkk på takt vårsamling 10.-12. april 2026.
Trøkk på Takt er et kreativt og inkluderande utviklingsprogram for folkemusikarar og folkedansarar frå eller med sterk tilknytning til Nord-Norge. Her får ein utforske tradisjonane, utfordre seg sjølv og andre, og utvikle eiget uttrykk.
Dette vert ei samling der deltakarane får moglegheita til å lære og tolke tradisjonelle folkedansformer og musikkstyper. Samlinga fokuserer på å bringe fortida til live, samtidig som den gir rom for kreativ utfolding og moderne tolking.
Gjennom praktiske øvingar og historieforteljing, vil ungdommane oppleve korleis kulturarven kan formidlast videre, samtidig som de finner sin egen stemme i dei historiske taktene.
Deltakarane får utforske korleis ein kan formidle folkedans og folkemusikk frå scene til publikum, med vekt på uttrykk, regi og det visuelle rommet. Samlinga tek også opp tema som sjølvstendig arbeid, prosjektplanlegging og det å finne sin plass som utøvar i kulturlivet. Med både praktiske øvingar og refleksjon rundt scenekunst og tradisjonar, gir kurset deltakarane både kunstnarlege og praktiske verktøy – alt i takt med eiga utvikling.
Instruktørar på vårsamlinga vert Tone Ingvaldsen og Jo Einar Jansen. Dei arbeider mykje saman i sceniske prosjektar mellom anna i dansekompaniet Kartellet, og som instruktørhalderar på ulike kurs i inn- og utland.
Kurset er for deg som er 18-30 år, og er både for musikarar og dansarar.
Vi prøvar å gjere samlinga tilgjengeleg for fleire ved å halde deltakaravgifta nede. Reise må du ordne sjølv.
Deltakaravgifta inkluderer kurs, mat og overnatting på Mellembygd kultur- og oppvekstsenter (klasserom, ta med liggeunderlag og sovepose).
Kurset startar laurdag morgon, men fredag kveld er konserten GLØD, eit tango-prosjekt med Lena Jinnegren m/band, samt etterfest med plateslepp, pub og open scene. Les meir om fredagsarrangementet her: KONSERT GLØD
Det er mogleg å overnatte på klasserom frå fredagen.
Er du usikker på om dette kurset er for deg, eller har andre spørsmål, kan du ta kontakt med oss i Kalottspel, så finn vi ut av det saman. Send mail til tone@kalottspel.no