FolkDans (12 - 18 år)

Frå forestillinga “Æ e på vei” med Arktisk Takt i 2019

FolkDans er eit splitter nytt kurstilbud på Kalottspel!. FolkDans er eit kurs for ungdom som ønsker å utforske dansen nærare. Det vil hovedsakleg jobbes med nordnorske danseformer. Kurset passer både for dei som har dansa mykje, og for dei som ikkje har dansa så mye. Innehaldet tilpasses deltakarane, som alle vil få tips og triks til å finne sin dansekropp og si dansemåte. I folkedansen er det plass til alle, og det er ein veldig fin måte å omgås og uttrykke seg på.

Kurset er nært i slekt med “FolkBand”, som er eit samspelskurs for unge i same aldersgruppe. Kursa foregår på same tid, og har begge kost og losji på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter. Som ein del av timeplanen vil deltakarane og få ta del i fleire av festivalen sine arrangement.

Instruktør er Torill Steinjord. Torill er ein av kun 4 (!) i Norge som har bachelor i folkedans. Ho kjem fra Grytøya, og har mykje erfaring både som dansar og pedagog. Torill vil og ha med seg fleire hjelarar undervegs, meir info om dei kommer snart!

PRAKTISK INFO
Deltakarane har tilbud om å bo på flatseng på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter under kurset. Vi har nattevakt på huset som ser til at det er ro på rommet på natterstid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg madrass og sengeklær. Det er tilgang til garderobar på huset.

Dersom du har allergi og må ha særskilt diett, eller det er andre hensyn vi skal ta, ber vi dere opplyse om dette i påmelding, eller seinast innan 1. august.  

For at Kalottspel skal bli ei god oppleving for alle kursdeltakarane har vi nokre reglar som gjeld for oppholdet. På Kalottspel er det plass til alle, og alle deltek i dugnaden for å passe på at alle har det bra. Vi følger dei reglar som er gjeldande, og tek omsyn til dei rundt oss. Deltakarane har tilgang til dei fleste av våre arrangement, så fremt det er ledig plass og ikkje 18 års aldersgrense. All bruk av tobakk og alkohol er forbudt. Det er ikkje lov å forlate festivalområdet utan særskilt avtale om dette.

Vi kjem til å ta bilder av deltakarane under opphaldet. Dersom nokon ønsker å reservere seg mot dette, kan de gjere det ved påmelding, eller gje beskjed i god tid før kursstart. Bileta vil brukes til å markedsføre våre eigne arrangement i sosiale media eller andre aktuelle kanaler.

Nina Fjeldet