FolkDans 2026 (Copy)
FolkDans arrangerast i år for femte gong på Kalottspel! FolkDans er eit kurs for ungdom fra 12-18 år som ynskjer å utforske dansen nærare.
Det vil hovedsakeleg jobbast med danseteknikk, folkelege rørsler og uttrykk som er relevante. Kurset passar både for dei som har dansa mykje, og for dei som ikkje har dansa noko særleg. Innhaldet i kurset tilpassast deltakarne, som alle vil få tips og triks til å finne sin dansekropp og sin dansemåte. I folkedansen er det plass til alle, og det er en veldig fin måte å omgås og uttrykkje seg på.
Instruktør: I år som i fjor kan vi med glede presentere Ole Nilssen som årets instruktør! Ole er ein særs dyktig dansar og musikar.
Kurset er nært i slekt med FolkBand, som er eit samspelskurs for unge i same aldersgruppe. Kursa foregår samtidig, og har begge tilbud om kost og losji på Mellembygd Kultur- og Oppvekstsenter. Som ein del av timeplanen vil deltakerne også få ta del i fleire av festivalarrangementa. Kurset har oppstart onsdag 5. august klokka 17.00, og avsluttes med fremvisninga «Kalottspel UNG» på laurdag. Nærmare timeplan sendes ut i god tid før kursstart.